Her er gjennomsnittsbonden
Knapt 50 000 brukt søkte produksjonsstøtte i august, ein nedgang på halvanna tusen frå i fjor. Gjennomsnittsbruket er så vidt over 200 mål.
Det er no 49 310 bruk som søkjer tilskot, og det er grunn til å tru at det omlag tilsvarer talet bruk i drift. Statens landbruksforvalting har offentleggjort statistikken frå siste søknadsomgang. Her er lista over gjennomsnittleg storleik på ymse produksjonar, med endringa 2005 til 2006 i parentes: * 208 daa (+ 7) * 17,6 mjølkekyr (+ 0,9) * 82,7 mjølkegeiter (+2) * 55 vaksne søyer og 90 lam (+ 2 lam) * 33 avlspurker (+ 3 purker) * 1610 verpehøns (+ 244) Totalt areal i drift og fordeling på ulike vekstar er omlag som i fjor. To tredelar av arealet er brukt til eng og beite, mens siste tredelen fordeler seg på korn, potet, grønsaker, frukt og bær. Fleire ammekyr og hestar
Det er auke i talet ammekyr, hestar, gris og kylling. For andre dyreslag er det ein nedgang. Ser vi på tal søkjarar innan kvar produksjon, er endringane slik: - 1150 færre med mjølkekyr (omfattar også endringar pga samdrifter) - 780 færre med søyer - 430 færre med verpehøner - 170 færre med avlspurker - 890 færre med korn - 730 færre med potet - 120 færre med grønsaker - 170 færre med frukt og bær I og med at det er vanleg å søkje støtte for meir enn ein produksjon, er den samla nedgangen i talet søkjarar 1620. Totalt er det 10,2 millionar dekar i drift her i landet, eit tal som har vore temmeleg stabilt dei seinare åra. Hedmark, Oppland og Rogaland er størst, i den rekkefølgja, alle med over ein million dekar i drift. Dei same tre fylka har flest bønder. Hedmark med 4000, Rogaland med knapt 5000, og Oppland med ca 5500. Minst i Oslo
Oslo er minst, både i tal bønder og areal, med 5500 dekar fordelt på 17 søkjarar. Derimot er det her vi finn det største gjennomsnittsarealet, med 322 dekar pr. søkjar. Av dei meir normale fylka er Finnmark minst med knapt 100 000 mål, følgd av Agderfylka. Same fylke har færrast søkjarar. Fylket som er større enn Danmark har berre 400 som søkjer produksjonstilskot, mens kvart av Agderfylka i snitt har knapt 1000. Størst areal pr. søkjar har Akershus, Østfold og Hedmark, i området 264 til 313. Minst areal har søkjarane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Telemark, med 124 til 153 dekar pr. søkjar.
Søkeord: Produksjonstilskudd, landbruksstatistikk, landbrukstilskudd