Hengarkule på traktor

I fjor starta importen av tilhengarkuler for traktor til Noreg. Kulefestet har fleire fordelar, som til dømes at det er fritt for slark.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr 10/03 - nytt frå Agritechnica)

Dette er ikkje akkurat nytt, men stadig meir populært i Europa. Grunnen er at kulefestet er fritt for slark, slik at køyringa blir sikrare og meir komfortabel. Traktordelen kostar frå 8000 kroner, mens hengardelen er prisa frå 4000 kroner. Dominerande leverandør er Scharmüller frå Austerrike.

Derimot er det nytt at koplinga blir importert til Noreg, og det skal GKN UniCardan i Vestby ta seg av. Koplinga finst skreddarsydd for det meste av traktorar og reiskap. Traktordelen kan ha manuell eller automatisk låsing av reiskapsdelen.

Forutan at kulekoplinga gir meir komfortabel køyring, kan den ta større belastning. Koplinga vart vist både på Agritechnica 2003 i Tyskland og Agroteknikk 2003 på Lillestrøm.

Du kan laste ned Bedre Gardsdrift nr. 10/2003 her.

"
Powered by Labrador CMS