Heimeprodusert reiskap i miniformat

I gardsverkstaden har Gudmund Rangen frå Nærbø laga traktorgravar, silorivar og mykje anna gardsreiskap. I tillegg har han prøvd seg på reiskapsproduksjon i mindre format, noko sonen Eivind likar godt.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift 7/1998)

Sjølv om veret var dårleg då vi var på besøk, gjekk siloslåtten for fullt inne på stovegolvet. Seks år gamle Eivind har full kontroll på traktoren med den venstremonterte Serigstad FS 115 fôrhaustaren, og regulerer tuten slik at strålen skal treffe bak i avlessarvogna, som sjølvsagt er ei raud og grøn Kverneland UN 7000.

- Desse heimelaga leikene varer lengre og er meir solide enn plastikkleikene vi får kjøpt i butikken, meiner pappa Gudmund. Han tar vare på hjula frå andre leiker som blir øydelagde, og lagar resten sjølv i tre og metall.

Tidleg krøkjast

Tilhengaren laga Gudmund for mange år sidan. Med den fekk han ideen til å lage ein heil reiskapspark sjølv, så då Eivind var to år gamal, vart reiskapen på garden kopiert i småskala. Julekvelden det året må ha vore eit eldorado for ein maskininteressert junior.

Einaste som er kjøpt, er kunstgjødselspreiaren, men for å lette tilkoplinga til traktorane, har den fått ettermontert triangel hurtigkopling. For det er det nemleg på den store reiskapen på garden, og då må den vesle ha det og.

Solid og funksjonelt

Storleiken på leikene vart bestemt av forholdet mellom dei to store leiketraktorane og den skikkelege traktoren på garden. Dermed vart alt så stort og solid at det toler litt hard køyring. Så sant det har late seg gjere, har reiskapen same funksjonane som i full storleik.

Lessegaffelen på rundballepakkaren, ein Kverneland UN 7500, løftar ballen korrekt opp på dei roterande rullane. Rundballane, som er kvitmåla, runde treklossar, blir køyrde bort med pallegaffel eller tilhengar. Pressa er ei Deutz-Fahr GP 750. For å køyre ut blautgjødsel er Eivind utstyrt med ei Doff X-35 tankvogn.

Dei to traktorane kan utstyrast med doble hjul, slik at jordpakkinga blir redusert. Desse har hurtigkopling av typen gummistrikk, og er dermed raske å kople av og på etter behov.

Elektrisk gravemaskin

Ute på tunet fann vi ei heimelaga leikegravemaskin. Konstruksjonen er Gudmund Rangen sin eigen. Understellet er i rustfritt stål frå ein utrangert varmtvasstank. Tanken er berre trykt flat. For å svinge maskina, må Eivind bruke føtene, resten er styrt hydraulisk. Motoren frå ei vasspumpe driv oljepumpa.

Hydraulikken er henta frå to fôrhaustarstyringar av typen Janmatic/Trimatic, som Gudmund fekk tak på utrangert frå Felleskjøpet. Eine sentralen blenda han, slik at dei tre spakane styrer bom, stikke og skuffe. Berre dei tre spakane stikk opp av hyttetaket, resten ligg skjult i maskinkroppen, som også fungerer som sitjeplass for maskinkøyrar Eivind.

Powered by Labrador CMS