Godt verktøy er halve arbeidet

Verktøyprisane sprikjer med 500 prosent. Kvaliteten sprikjer kanskje enda meir. Men treng du den beste kvaliteten? Ofte er dine eigne kvalitetar som mekanikar viktigare.

Publisert

Fra Bedre Gardsdrift nr. 1/2000: Kvaliteten på eit verktøy kan du ikkje vurdere skikkeleg før du har brukt det ei tid. Og når du konstaterer at det ikkje held, passar det gjerne dårleg. Verken garantien eller prisen treng seie noko om kvaliteten, bortsett frå at enkelte leverandørar hevdar at du ikkje får godt verktøy billeg.

Sjølv verktøy med livstidsgaranti varer ikkje evig. Garantiane dekker ikkje slitasje, misbruk eller feil vedlikehald. Einast ved fabrikasjonsfeil har slike garantiar nokon verdi. Likevel seier dei fleste at dei prøver å vere greie, og byter pipa som er sprengt trass i at det strir mot garantien.

Harde krav

Godt verktøy skal vere slankt, godt utforma, presist og nøyaktig, og må tole hard bruk over mange år. I landbruket treng du alt frå dei minste til dei største dimensjonane, noko som kan tære hardt på ein slunken bankkonto. Eit tips kan vere å halde høg kvalitet på det du brukar ofte, og klare deg med noko rimelegare elles.

Feil bruk gir brot

Dei fleste verktøy blir øydelagt av feil bruk, og ikkje av slitasje. Fastnøklar er ikkje konstruerte for å bli forlenga med rør, og vanlege piper toler ikkje krafta frå ein luftdriven muttertrekkar. Vanlege skraller er ikkje konstruert for å trekke til skruar med stor kraft. Desse bør forresten smørjast ein gong av og til. Til mellom anna Hazet kan du få reparasjonssett når skrallemekanismen er utsliten.

Du kan laste ned Bedre Gardsdrift nr. 1/2000 her.

"
Powered by Labrador CMS