Forbi fjoråret

Etter sju månader er traktorregistreringane betre enn tilsvarande i fjor. No har MF stabilisert seg som landets nest mest selde merke, mens New Holland og Valtra kjempar knallhardt om tredjeplassen.

Publisert

Også kampen om femteplassen er interessant. I juli fekk CaseIH og McCormick, for første gong, registrert nøyaktig like mange traktorar. Til no i år er CaseIH i tet med 139, berre 20 traktorar før McCormick.

Desse to føler den trinnlause pusten av Fendt i nakken.Deretter kjem Claas, som også har identisk tal for juli med CaseIH og McCormick. Året under eitt er ikkje like godt, men det skuldast jo delvis også at merket ikkje var tilgjengeleg dei første månadane.Med andre ord er den norske traktormarknaden inndelt slik: John Deere på ein klar førsteplass. MF like sikker på andre, slik det ser ut no. Vill kamp på tredje mellom New Holland og Valtra. Så ein femteplass med fire arge konkurrentar: CaseIH, McCormick, Fendt og Claas.Sett i høve til fjoråret ligg JD litt bak skjema, men det kan endre seg før året er omme. MF er det merket som har hatt størst framgang frå i fjor. Valtra er nærast uendra. New Holland og Case IH er begge mykje tilbake, og tilbakegangen er omlag like stor for begge. McCormick og Fendt går fram med respektive knapt eitt og knapt halvanna prosentpoengTotalt er det til no i år registrert nesten 40 fleire traktorar enn til same tid i fjor. I juni var nyregistreringane ti bak fjoråret. Ikkje den store skilnaden, men vi må kunne skryte over eit hårfint betre år så langt, enn go`året 2005.

Powered by Labrador CMS