Finn rett slange

For å få rette slangen må du ta omsyn til mange faktorar. Til dette vil katalogen frå slangeleverandøren kunne vere til god hjelp, eller du kan få hjelp direkte frå leverandøren.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 6/1997)

Desse opplysningane kan vere nyttige å ta med:- Kva maskin slangen skal sitte på.- Miljøet reiskapen skal arbeide i, særleg med tanke på skadelege kjemikaliar. Til dømes toler ikkje alle slangar planteolje.- Kva oljetype som skal brukast.- Oljemengde (liter per minutt).- Om slangen skal vere sugeslange, returslange eller trykkslange. Av dette finn du tilrådd væskefart.

Ut frå eit såkalla nomogram kan du no finne innerdiameteren. Den oppgitte diameteren på slangar er alltid innerdiameteren. Vel heller stor enn liten diameter. Er slangen for trong får du lett varmgang og effekttap.

Dimensjonen du har funne gjeld når oljen ikkje skal transporterast lenger enn mellom til dømes ein traktor og eit vanleg reiskap. Over lange avstandar må diameteren reknast ut annleis.

Du må dimensjonere for høgaste trykket som kan oppstå i systemet under drift. På ein vedkløyvar er dette normalt det trykket sikkerheitsventilen i traktoren er innstilt på, mens eit brøyteskjær kan gi store sjokktrykk. Arbeidstilsynet krev ein sikkerheitsfaktor på 4:1 mot at slangen blir sprengt.

På ei skogsmaskin må slangen tole både høgare og lågare temperaturar enn på ein velteplog. Temperaturverdiane i leverandøren sin katalog er, saman med dei andre verdiane der, absoluttgrenser som du ikkje må overskride.

Fleksing (altså ofte gjentatt bøying eller anna rørsle), bøyeradius og andre forhold er også med på å bestemme levetida til ein slange.

Det er sjeldan gunstig med vinkelkopling i meir enn den eine enden.

Lengda finn du ved å måle avstanden mellom senter på tetningsflatene på koplingane som vist på bilete.

Ved montering bør slangane få ein mest mogeleg harmonisk bøy. Prøv å utnytte det naturlege spennet i slangen. Unngå knekk eller skarp bøy ved koplinga, for den er frå før eit belasta område. Få størst mogeleg bøyeradius, og pass på at denne er større enn den oppgitte i tabellane. Koplingane trekkjer du til med moment. Det er lett å ta i for hardt.

Relaterte artiklar

- Hovudartikkel: Innleiing om ulike typar hydraulikkslangar med deira fordeler og ulemper.

- Koplingar: Det finst to hovudtypar av koplingar, demonterbare og pressbare. Kva er fordelane med dei ulike typene?

- Skader på slangen: Ein slange kan fortelje mykje om seg sjølv med korleis han ser ut. Kva bør du sjå etter?

"