Felleskjøpet maskin forsvinn

Nye Felleskjøpet Agri sluker John Deere-importør Felleskjøpet Maskin som følgje av fusjonen. Kva skjer då med landets største traktorimportør, og kundane utanom FK Agris område?

Publisert

Stadig nye endringar i den norske traktormarknaden: Største importøren omorganiserer totalt. Bakgrunnen er at FK Øst Vest og FK Trøndelag fusjonerer til Felleskjøpet Agri. Dei to felleskjøpa har fått lov av styresmaktene til å slå seg saman, og årsmøta er samrøystes. Motivasjonen er primært å kutte kostnader og få auka lønsemd. Den største gevinsten skal takast ut ved å integrere Felleskjøpet Maskin inn i FK Agri.FKM-integrering kjem fortFelleskjøpet Maskin er eigd av dei fire felleskjøpa. Dei to som slår seg saman er majoritetseigar, og kan dermed gjere som dei vil. Difor blir dei to andre felleskjøpa sine eigardelar i FKM kjøpt ut.I dag har Felleskjøpet Maskin ansvar for import og formidling av alt alle felleskjøpa sel av maskiner og reiskapar, og for butikkdrifta i felleskjøpa.Det er klart og tydeleg sagt frå styret i FK Agri at integreringa av FKM er det som hastar mest. Derimot er det ikkje sagt særleg tydeleg korleis dette skjer, og kva praktiske konsekvensar det får.Tidleg i prosessenEnno veit vi lite om kva som skjer, og konsekvensane av dette.– Før nyttår skal FK Agri si nye leiargruppe vere på plass. I løpet av første halvår 2007 er det truleg at FKM er integrert, fortel Knut Ree, sjef for FKM.Informasjonssjef i FKØV, Jan Kollsgård, trur ikkje kundane vil merke mykje til det som skjer med det første.– Endringa skal gi innsparingar, men det er for tidleg å seie korleis dette vil slå ut. Du er tidleg ute med spørsmåla dine, seier han til BG.Deere i Rogaland?Etter alt å døme vil dei to felleskjøpa som står utanfor FK Agri halde fram samarbeidet med den komande maskindivisjonen i det nye selskapet. Det betyr at FKRA kan halde fram å selje John Deere, Kverneland og DeLaval. Enno er ingen detaljar på plass, og ingen kan svare på om til dømes prisen på ein plog blir lik for medlemmer av FK Agri og for medlemmer av FK Nordmøre Romsdal.– Innsparingane skal kome kundar og medlemmer til gode, det veit vi. Vi kan rekne med at organisasjonen blir meir straumlinjeforma, at ikkje mange folk sit etter kvarandre og gjer omlag det same. Korleis det blir løyst kan ingen svare på i dag, konstaterer Kollsgård.

Powered by Labrador CMS