Fakta om den norske traktorparken

Mange har problem med å skilje mellom fordommar og fakta. Her er det som er sant om hurtiggåande traktorar i Noreg.

Publisert

- Fem eller seks traktorar (JCB Fastrac) kan køyre 80 km/h.

- Omlag 40 traktorar (JCB Fastrac) kan køyre 65 km/h.

- Kring 450 traktorar kan køyre 50 km/h. Flesteparten har landbruksarbeid som hovudoppgåve.

- Traktorane som ikkje er selt primært for bruk i landbruket, blir nytta til kombinerte oppgåver med reiskapar som ikkje kan brukast på lastebil, mellom anna som kommunetraktorar.

- Ingen av dei hurtiggåande traktorane har vore innblanda i ulukker som skuldast høg fart.

- Fem traktorar har høve til å bruke svingskive. På to av dei er ikkje svingskiva i bruk.

- Tillatt nyttelast på JCB Fastrac er normalt to til tre tonn. Maksimal vogntogvekt er mellom 22 og 28 tonn for den største modellen.

- Langs veg med fullt lass brukar JCB Fastrac kring 6 liter pr. mil, mot lastebilens 3,5 liter under elles like forhold.

- Dekkostnaden for ein traktor er langt høgare enn for ein lastebil.

- Fordi traktoren har høg eigenvekt i høve til totalvekta, får traktorvogntoget dårlegare forhold mellom totalvekt og nyttelast enn lastebilen.

- Reglar som gjeld trafikktryggleik er like for lastebilar og traktorar går over 30 km/h. Unntaket er periodisk køyretykontroll, som skal sjekke om køyretyet er i stand etter regelverket.

Tilbake til samlesida Traktor og trafikk

"
Powered by Labrador CMS