Færre traktorar i juni, totalt fleire

Talet førstegongsregistrerte traktorar i juni er lågare enn tilsvarande i fjor, men totalt ligg vi 13,4 prosent over fjoråret. John Deere er i tet, men også New Holland bør vere nøgde.

Publisert

Derimot har Valtra færre registreringar enn i fjor, og ligg no på under 15 prosent i marknadsandel. Heller ikkje MF klarer å bite i seg noko større kakestykke. 13,3 prosent av registreringane i første halvår bør ikkje vere tilfredsstillande for hovudmerket til Eik, sjølv om salet av Fendt er stabilt.

CaseIH er trufast på femteplass, og har tatt sin del av den totale salsauken. Marknadsandelen er på 2004-nivå. Kva som skjer med det raude CNH-merket det komande halvåret er det grunn til å vere spent på. Enno er det ikkje avklara kven som eventuelt skal forhandle CaseIH etter oppseiinga frå LMB.

Apropos LMB og traktormerka derifrå er det også stor spenning til det framtidige salet av Valtra, og ikkje minst Claas. Dette kan du lese meir om i komande papirutgåver av Bedre Gardsdrift.

På plassen bak CaseIH finn vi merket som gjenoppsto frå CaseIH sine produksjonslokale i Doncaster i England etter CNH-fusjonen, nemleg McCormick, med sitt beste traktorsal i Noreg i nyare tid. 80 traktorar er godt framom skjema til å overgå heile fjorårets 124.

Tilbake til toppen: John Deere held stø kurs i førarsetet, trass i at juni bidrar med den dårlegaste marknadsandelen til no i år. I første halvår har Deere fått registrert fem fleire nye traktorar som Valtra og MF til saman.

New Holland ser ikkje ut til å vere truga på plass nummer to, og har ein god månad bak seg.

Ser vi CNH-konsernet under eitt, har New Holland og CaseIH større marknadsandel i Noreg første halvår enn John Deere, med 630 traktorar mot 605 (29,5 prosent mot 28,4).

Det totale talet nyregistrerte traktorar i første halvår 2005 er 13,4 prosent høgare enn tilsvarande periode i 2004. Då enda totalsummen på 3875 traktorar når året var omme, og året er det beste sidan 1996.

Om vi kikar over kjølen til Søta Bror, er der registrert 132 færre nye traktorar enn her heime til no i år. I fjor låg dei 81 traktorar over oss. Der er Valtra i tet (26,8 %), framom John Deere (19,2 %), CaseIH (15,4 %), New Holland (14,7 %) og Massey Ferguson (14,4 %).Dette kan du lese meir om hos vår kollega ATL ved å klikke her.

"