Det har roa seg

Veksten i traktorregistreringane som vi såg første halvår, har stoppa opp. Enno er totalregistreringane drygt sju prosent over fjoråret, men også juli er svakare enn same månad i fjor.

Publisert

Det viser kor vanskeleg det er å seie noko om traktorsalet gjennom året før året er omme.

Rekkefølgja er derimot ganske grei. Frå første til niandeplass i kolonna "til no i år" er det ingen endringar frå februar til no. Lamborghini har bite seg fast på tiande, og ser ut til å bli der.

Heile lista er med

Frå og med august tar vi med heile lista over alle registrerte traktorar, etter spørsmål frå lesarane våre. Om du samanliknar våre tal med tal du finn andre plassar, kan du legge merke til at vi har ein traktor mindre enn kva andre opererer med, noko som gir John Deere 0,1 prosent større marknadsandel til no i år. Det siste er matematikk. Denne eine traktoren er ein Honda ATV som er registrert som traktor, men vi meiner den ikkje passar inn i statistikken vår.

Traktormerka på plass 11 og nedover er mest med for spesielt interesserte. Til dømes hadde HCP ein kampanje med Same i vår, som førte til 10 registrerte traktorar i april og mai, men etter det er det ikkje gått ut mange raude italienarar.

Vidare nedover kan vi rekne salet på ei hand og ei tå eller to.

Powered by Labrador CMS