Det går bra igjen

Faktisk er traktorregistreringane for mars i år betre enn i fjor, og totalregistreringane er på veg opp mot nivået frå rekordåret i fjor. McCormick og CaseIH kjempar knallhardt om femteplassen.

Publisert

Dei fire første er same gamle leksa: JD, NH, Valtra og MF. Førstnemnde i klar tet, med like stor marknadsandel som to av dei andre til saman. Mellom desse tre kan det bli ein tøff kamp etter kvart som månadane skrir fram.

Femteplassen er det alt no nær daudt løp om, og knallhard kjemping. McCormick har til no i år 58 registrerte. Det er ein meir enn erkerival CaseIH. Månad for månad til no har det maksimalt vore tre traktorar i skilnad, og dei to har bytt på å vere størst.

Fendt gjer eit hopp. Med 24 registrerte traktorar i mars er merket på femteplass for månaden, men for året er det sjuandeplassen som gjeld. Med det er Fendt forbi Deutz-Fahr att. Med dette unntaket er topp ti er som den brukar å vere.

Claas er med, men salet er ikkje meir oppstarta enn at vi enno må vente på at storparten av dei til no selde traktorane kjem ut til kundane.

Belarus har fått registrert sin første til no i år. Med det er det 18 merke på lista for mars, eit meir enn for februar, og fire meir enn januar.

Fjoråret var svært bra for nye traktorar. Faktisk ser det ut til at 2006 også vil bli bra. Første kvartal er berre 2,5 prosent under fjoråret, og importørane melder om gode signal frå sine salskorps.

Ut over det er det tidleg å gi særleg mange fleire kommentarar. Mykje vil endre seg på denne lista gjennom året.

Powered by Labrador CMS