Dempa mote

Demping er på moten. Fjøra framaksling, fjøring på førarhytte og hydraulikkdemping har dei siste åra blitt ukritisk brukt som agn frå traktorseljarane. Bør du bite på?

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 8 1999)

Fjøring og demping har to funksjonar: Å gjere køyringa meir komfortabel for deg som førar og å skåne utstyret.

Det er fleire løysingar å velje i: Fullstendig eller delvis avfjøra hytter, fjøra framaksling og modellar med komplett avfjøring. Dessutan demping av frontlastar eller på trepunkten, med elektroniske system eller akkumulatorar.

Fjøra framaksling

Fjøra framakslingar er ikkje noko nytt. Allereie på slutten av 40-talet leverte til dømes Hürlimann ein modell med bladfjører på framakslingen, og M.A.N. hadde eit liknande system.

Unimog, som seinare vart overteke av Mercedes Benz og danna grunnlaget for MB-trac, hadde fjøring alt på teiknebrettet, før den første prototypen vart laga i 1947.

Sidan 50-talet har det vore lite fjøring å sjå på nye traktorar. Heilt fram til på slutten av 90-talet. No har snart alle kasta seg på den uventa bølga.

Krav

På traktorar med tillaten køyrefart over 40 km/h har fjøring på framakslingen vore eit krav. Men no ser vi altså at fjøring kjem for fullt også på traktorar der det ikkje vert kravd. Kva er meininga med å lage ein komplisert og kostbar konstruksjon då, og er det vits i for deg som bonde å bruke pengar på det?Vanskeleg å teste

Det tyske magasinet Profi har også lurt på effekten av fjøring. For å få svar, har dei testa sju ulike traktorar med ulike fjøringssystem. Dei har målt den loddrette akselerasjonen (kva krefter som går opp og ned ved køyring på ujamnt underlag) ulike stader på traktorkroppen, og deretter prøvd å tolke resultata av dette. Det har ikkje vore lett, innrømmer dei. Bedre Gardsdrift kjenner metoden frå frontlastartesten i nr. 3/99, der resultata var så usikre at vi ikkje sette dei på trykk. Difor må resultata takast med ei klype salt.

Hyttefjøring best

Fjøra framaksling ser ut til å ha liten effekt i hytta. Etter Profi sin test gir hyttefjøring betre komfort for føraren enn framakselfjøring, dersom du må velje berre eitt system. Enda betre er det med begge systema på same traktoren.Om det ser ut til at framakselfjøring, teoretisk sett, ikkje gir betre køyrekomfort, har den i det minste ein fordel: Kontakten mellom framdekka og bakken blir betre, og du har kontakt ein større del av tida på ujamne overflater.

Kan gi større påkjenning

Med både framakselfjøring og fjøra hytte får du ein traktor som er enklare å handtere på røft underlag, og du får betre komfort. Der er likevel verd å merke seg at traktor og reiskap kan bli utsett for større påkjenningar på grunn av dette utstyret, fordi du som førar aukar farten.

Oftast er det di eiga tolegrense som avgjer kor fort det blir køyrd på humpete underlag. Med tanke på helsa er det nok lurt om du dempar deg sjølv også.Måling versus meining

Profi fann ut at det var stor skilnad i kva dei ulike førarane opplevde og meinte. Dessutan var ikkje alltid opplevinga til føraren i samsvar med målingane som vart gjort. Det betyr at du ikkje kan lese deg fram til kva for ein traktor som er best dempa. Det må du prøve deg fram til sjølv.

Forhandlarar positive

Forhandlarar som har prøvd traktorar med fjøra framaksling, er positivt overraska over kor godt det fungerer. Dei fortel om nøgde kundar og berre gode tilbakemeldingar. Det er særleg den betra komforten ved arbeid kring 10 - 15 km/h som blir framheva. Frå fleire blir det slått fast at med og utan fjøring er som natt og dag.

Enkelte stiller spørsmål ved argumentet om betre markgrep, mens andre legg stor vekt på at traktoren skal få betre trekkevne. Ein annan eigenskap blir også framheva: Når traktorane er utstyrte med kløtsjfritt vendegir blir det stundom ein del rykk og napp ved snuing. Til dømes får du slike situasjonar ved pløying med handgass. Då vil den fjøra framakslingen gjere opphaldet på vendeteigen meir komfortabelt.

Hyttefjøring billeg

Prisen på hyttefjøring er normalt vesentleg lågare enn på framakselfjøring. Det kjem av at konstruksjonen er enklare. Av meirkostnaden med ein fjøra framaksling, er det gjerne ikkje meir enn to tredelar som går til sjølve fjøringa. Resten er knytt til mellom anna betre bremser.

Langt igjen

Det å verkeleg finne ut korleis slag og støt mot traktorkroppen og i førarhytta skal dempast er framleis nytt og ukjent for traktorprodusentane, og det må til fleire år med grundig arbeid før systema kan ta til å virke optimalt. Men vi ser at Fendt har kome med si andregenerasjons framakselfjøring, og denne seiest å vere betre enn den første. Og fjøringa på Lamborghini Champion, som vart lansert i 1998, vart modifisert alt i 1999. Det er heller ikkje nok for produsentane å bestille ein standard fjøra aksling frå Carraro. Utstyret må tilpassast og stillast inn etter traktoren det skal brukast på for at det skal fungere godt nok. Grunnkontruksjonen av traktorkroppen er nemleg avgjerande. Det viser seg at traktorane som har dei høgaste målingane (hardaste slaga) utan fjøringa innkopla, også har dei høgaste verdiane med fjøringa aktivert.

Frå bilindustrien veit vi at kostnaden med å utvikle eit godt fjøringssystem er høg, og dei fleste landar på den same løysinga etter ei tid.

Det er all grunn til å tru at nye traktormodellar som blir lanserte i tida framover har fjøra framaksling på utstyrslista, og dei fleste vil også ha fjøra hytte.

Dempa EHR

Dei fleste traktorar med elektronisk hydraulikkregulering (EHR) har ei såkalla svingingsdemping innebygd. Det kom i 90/91, og er ganske enkelt ein elektronisk funksjon. Sensorane i trekkstangfesta eller toppstagfestet registrerer når reiskapen tar til å svinge. Elektronikken reagerer på dette ved å løfte eller senke reiskapen.

Systemet har ein klar positiv effekt. Det dempar påkjenningane på traktorkroppen og gjer køyring med tung trepunktsmontert reiskap tryggare. Dempa EHR kan ha meir å seie for at framhjula skal ha bakkekontakt enn fjøra framaksling. Sidan dette berre er ei enkel programmering av styringselektronikken, burde det ligge inne som standard på alle traktorar med elektronisk hydraulikkregulering.

Frontlastar

Gjennom frontlastartesten i BG 3/99 har vi sjølve prøvd å køyre lastar med og utan dempar. Konklusjonen derifrå er klar: Alle testførarane ville kjøpt dempar om dei skulle kjøpe lastar. Komforten og tryggleiken er betre, og førarane trur at systemet skånar traktor og lastar mykje. Vel så viktig er det at leverandørane meiner at ein lastar med dempar kan ha opp mot dobbel levetid mot ein lastar utan dempar. Særleg viktig er dette når traktoren går stadig meir i transportkøyring. Då er det tomkøyringa som slit mest, ikkje bruken.

Det er ikkje noko problem å ha ein dempa frontlastar på ein traktor med fjøra framaksling. Dei to systema arbeider ikkje mot kvarandre.

Gunstig å ha

Vi er ikkje i tvil om at demping av frontlastar og trepunkt har god effekt. Hyttefjøring ser også ut til å virke godt, til ein overkomeleg pris. Dette er så gunstig å ha at du bør vurdere å investere i det. Det er mange nok bønder som har dårleg rygg. Verdien på den lar seg ikkje fastsette i kroner og øre.Derimot er det vanskelegare å forsvare fjøring av framakslingen. Det er ikkje sikkert at du har att for dei mange ekstra kronene og kiloa med dagens system.

Desse hadde fjøring i 1999

Tabellen viser traktorar som er tilgjengelege med fjøring av hytte, framaksling og bakaksling. Dempa hydraulikk er standard på dei fleste traktorar med EHR. Nokre merke har det ikkje på dei mindre seriane.Tabellen viser ikkje om utstyret er standard eller ekstrautstyr.Ver klar over at det har skjedd ein heil del endringar sidan tabellen vart skriven, og at enkelte av dei nemnde modellane knapt er selt med fjøring som tilleggsutstyr.

Hyttefjøring

Aebi TP 58, TP 98Deutz-Fahr Agrotron 120-150Fendt 700, 800, 900 John Deere6010 PR-serien frå 6310 Same, Lamborghini, HürlimannSilver/Premium/XTRubin/Champion/SX

Fjørande framaksling

BelarusOpp til 74 kW (100 hk)Case Maxxum MX 100-150Deutz-FahrAgrotron 106-150Fendt300 (4-syl.), 500, Xylon700, 800, 900JCBFastracJohn Deere7010LandiniLegendNew HollandTNFReformMuli kommunalutgåverSame, Lamborghini, HürlimannRubin/Champion/SXValtra Valmet Hi-Tech/Mega (alle 6-syl.)

Fjørande bakaksling

JCB Fastrac