CaseIH tar innpå

Også i mars heldt traktorsalet seg godt, og 2005 ligg høgare enn 2004. Kvar tredje registrerte traktor i mars er John Deere. I mars er CaseIH oppe på andreplass.

Publisert

Etter John Deere følgjer New Holland på sin typiske andreplass, året sett under eitt. I fjor kom MF på tredje, mens til no i år gjer Massey Ferguson som i 2003, og held seg på fjerdeplass på lista over mest registrerte traktorar, bak Valtra. Faktisk har Eik færre registrerte traktorar totalt, om vi reknar saman MF og Fendt, enn Valtra åleine.

CaseIH er på femteplass totalt, men merk deg registreringstala for mars. Med 16,2 prosent er CaseIH forbi erkekonkurrent og halvbror New Holland, større enn Valtra og godt over MF. Held denne trenden fram, er CaseIH på veg mot ei pallplassering i årsoppsummeringa.