Bremsar ned

Registreringstala for 2005 blir gode, men ikkje så gode som det lenge såg ut til. MF er i gang med sluttspurten, mens Valtra og Case IH går litt ned.

Publisert

Førsteplassen er det ikkje noko å gjere med. Der ligg John Deere. 82 traktorar i november og 930 til no i år er solid i tet, og vi reknar med at Felleskjøpet kjem til å markere over 1000 registrerte traktorar i 2005 med pomp og prakt, eller noko sånt.

Nest best i november er Massey Ferguson, som i oktober. To gode månader på seinhausten er ikkje nok til meir enn tredjeplass gjennom året, men det er ein plass høgare enn kva det lenge såg ut til.

New Holland på andre

Andreplassen har nemleg New Holland. Prosenten i november er på same nivå som andelen registrerte traktorar til no i år for den blå traktoren. New Holland ser sånn sett ut til å vere lite påverka av endringane i traktormarknaden og ikkje minst internkonkurransen frå Case IH i A-K maskiner, så langt.

Nede på fjerdeplass er LMBs nye hovudmerke Valtra. 13,1 prosent i november og 14,7 til no i år er mindre enn LMB forventar på sikt. Noko kan skuldast uvisse frå salsorganisasjon og kundar kring tida då konturane av den nye organiseringa vart kjent. No er ting meir sikkert, og LMB satsar tydeleg tungt. Difor kan vi sjå føre oss høgare tal for Valtra nokre månader fram i tid.

Case IH er tradisjonen tru på femteplass. Enno ser vi ikkje konsekvensane av skilsmissa frå LMB og sambuarskapet med New Holland hos A-K. Pila for november peikar nedover, men vi ventar med konklusjonane.

Lamborghini på tiandeplass har ein god månad bak seg. Elles går det litt opp og ned på den nedre delen av lista, men det skjer lite som krev særskilt merksemd.

Powered by Labrador CMS