Batteritypar

Det finst så mange traktorbatteri at det kan vere vanskeleg å velje. Her er dei viktigaste variantane.

Publisert

Det vesle som finst av batteritestar er heller ikkje heilt til å stole på for oss som køyrer utanom allfarveg. Derimot har produsentane mange teoriar om sitt eige sortiment. Sønnak, Varta og Bosch er store og anerkjente leverandørar med liknande produktsortiment. Det finst mange andre som kan vere gode, men også leverandørar med varierande kvalitet. Svein Inge Storaunet har rettleia oss i Exide Sønnaks mest aktuelle modellar. Andre leverandørar kan ha liknande versjonar.

Det gamle batteriet leverer du der du kjøper nytt.

Standard

Basisutgåvene av batteri er heilt greie til både traktor og bil som har lite elektrisk utstyr og som sjeldan vert starta om vinteren. Fordelen er låg pris.

Powerline

Høgare startstraum på grunn av fleire og tynnare plater. Grei på kaldstart. Typisk standard traktorbatteri ved stigbrettmontering på grunn av kompakt konstruksjon.

Heavy Duty

Eigenskapar som Powerline, men større ytre mål. Typisk standard traktorbatteri.

Super Heavy Duty

For traktorar med stort forbruk av straum. Ekstra tjukke plater som ligg i separate lommer gjer at batteriet toler stadige djuputladingar. Lommekonstruksjonen, pluss at cellene er festa oppe og nede, gir betre vern mot kortslutning ved mykje risting. Batteritypen passar dårleg om du ofte har kaldstart.

Gele

Batteri som står vanskeleg plassert og som vert utsett for mykje vibrasjon, kan erstattast av batteri med gele i staden for væske. Dette treng ikkje anna ettersyn enn utvendig reinhald og lading. Storleiken er som på standardbatteri. Varianten er lekkasjesikker. Gode kaldstarteigenskapar.

Trekkpapir i rull

Gjerne kjent som Optima eller Maxxima. Dette kan stå i alle stillingar, og det er heilt tett. I staden for tett i tett med plater i cellene, består her kvar celle av ein lang rull med platestoff på ei side og eit slags trekkpapir for den frie væska på andre sida.

Eit effektivt startbatteri, for det slepper straumen raskare enn eit vanleg batteri. Det betyr større turtal på startmotoren, slik at dieselpumpa raskare gir høgt nok trykk. I tillegg blir ikkje ytinga så mykje svekka ved kulde.Avgrensa utval.

Tilbake

Les også

Batteri om vinteren

"
Powered by Labrador CMS