Batteri om vinteren
Om eit fullada batteri blir belasta, gir det slike utslag ved varierande temperatur:
+ 25 grader C = 100 prosent kapasitet 0 grader C = 65 prosent kapasitet - 18 grader C = 40 prosent kapasitet
Grunnen til dette er større indre motstand og ein treigare kjemisk prosess. På same tid blir det stilt større krav til batteriet, fordi motoren er tyngre å starte. Viktigaste grunnen til det, er at motoroljen er tjukkare og seigare ved låge temperaturar.
Frysepunkt
Batterivæska frys lettast når batteriet er dårleg lada. Med andre ord er det ikkje berre å starte som kan gi problem når det er skikkeleg kaldt. Heile batteriet kan bli sprengt av frost. Sjå denne tabellen over spesifik elektrolyttvekt: 1,100 frys ved - 7 grader C 1,150 frys ved - 15 grader C 1,200 frys ved - 26 grader C 1,250 frys ved - 52 grader C 1,280 frys ved - 68 grader C
Temperaturkorrigert syrevekt
Flottøren på syrevektmålaren er rett ved 25 varmegrader. Ved andre temperaturar vil den vise litt feil.