Angrar, men kan ikkje seie opp

ØRSTA: Samarbeidet med tidlegare Statens Vegvesen gjekk fint, så avtalen med Mesta vart signert utan å tenkje seg godt nok om. Det var ein tabbe.

Publisert

Les også:- Vil ikkje fornye avtalen" - Heller kommunen enn Mesta"- Bastet og bundet" - Frårår å skrive under"DENNE ARTIKKELEN ER FRÅ BEDRE GARDSDRIFT 7/2006, POSTLAGT 27. SEPTEMBER.Ole Inge Kolås frå Ørsta angrar på at han skreiv under brøyteavtalen med Mesta i fjor. Ein vinter med slike prisar og vilkår er nok. Problemet er at han alt for seint vart klar over at han ikkje kan seie opp kontrakten. Den går til avtaletida er ute, så sant han ikkje blir alvorleg sjuk, døyr eller går konkurs.Mesta kan derimot seie opp Ole Inge på tre månaders varsel.Mesta driv overvaking Det at avtalen kan seiast opp berre av den eine parten er ein av to viktige grunnar til at Kolås reagerer. Den andre store grunnen er at Mesta har pålagt underentreprenørane å installere GPS. Denne er kopla slik at føraren må slå den på ved brøyting. Då registrerer den om traktoren er i rørsle, og om plogen er i bakken.

– Eg kan ikkje skjønne at dei har lov til å overvake oss slik. Difor har eg kontakta Datatilsynet. Dei er skeptiske, men kan godta Mestas opplegg på visse vilkår. Mesta hevdar at GPS`en skal brukast i staden for at vi skriv timelister.Vil ikkje arbeide gratis Brøytekollega Nils Ivar Osdal, som har kontrakt på ein fjellveg mellom Austefjorden på Sunnmøre og Heggjabygda i Nordfjord, er også skeptisk til systemet.

– Roda mi er eit par mil lang. Nokre gongar må eg ut fordi det har blåse opp ei fonn i kvar ende av vegen. For å spare slitasje, løftar eg plogen når det ikkje er snø i vegbana. Med det nye systemet blir det berre registert at eg arbeider når plogen er i bakken. Eg er ikkje interessert i å køyre fire mil i arbeid utan betaling. Dessutan veit eg at GPS-signala i området, med bratte fjell og tronge dalar, er temmeleg dårlege. Vil det då berre bli registrert at eg arbeider når GPS-mottakaren får signal?

Osdal har fire traktorar disponible i brøytearbeidet. Skal han følgje GPS-kravet, må alle desse køyrast inn til Mestas anlegg for montering. Berre det er fleire dagsverk, som han ikkje får ei krone for.Same timeprisSystemet blir som om Rimi skulle løna dei i kassa ut frå kor mange minutt det er varer på bandet. Mesta har ikkje varsla endring i prisen frå dagens system, der entreprenørane får betalt for den tida dei er i arbeid, til det nye systemet der tida blir målt etter kor mykje plogen er i bakken.Skral betaling Både Kolås og Osdal har timebetaling. Mellom 400 og 415 kroner pr. time for traktor og førar er bruttobetalinga før moms når det blir køyrd med plog. Frå maskinleigeprisane i Bedre Gardsdrift kan vi nemne at køyring med traktor og eksempelvis 12-tonns hengar har ein middelpris på 470 kroner. Då er det snakk om eit enkelt arbeid, oftast med mindre belastning, der det ikkje er krav om at du må stå opp klokka to om natta for å vere ferdig før 06:00, og der du ikkje blir stilt til ansvar på langt nær på same vis som i nemnde brøyteavtaler.

Trass prisnivået frå Mesta, er underentreprenørane pålagt at eventuelt tilsette har gode løns- og arbeidsvilkår.Vegstikker, skilt og busskur Tidlegare hadde Mesta eigne folk som erstatta snøstikker, kosta skilt og måka reint i busskura. No er dette lagt til i arbeidet som underentreprenørane skal gjere, utan at prisane er endra. Dessutan stiller Mesta krav om kor fort dette skal vere fullført etter at vegen er brøyta. Særleg ved store snøfall vil det vere uråd å klare alle slike plikter med dei rodelengdene Mesta bestemmer.

Osdal må ofte først køyre plog og deretter fres. På det meste er brøytekantane fem–seks meter. Då er det ingen vits i brøytestikker. Dei er for korte, så han køyrer fresen etter fargen på snøen. Likevel er kravet om at stikkene skal oppatt der, for dei er til for at bilistar skal sjå kor vegen går, har han fått til svar.Annleis før Den gongen Mesta var Statens Vegvesen, opplevde underentreprenørane at det var samarbeid som galt. Var det eit problem, tok dei ein prat og løyste det på beste vis. Med namneskiftet til Mesta følgde også eit voldsomt hamskifte. Er noko vanskeleg no, truar Mesta med bøter om ikkje underentreprenøren får orden på det.

– Med erfaringane frå tidlegare var vi ikkje skeptiske nok då vi skreiv under avtalane i fjor. Før vart vi samde om ein pris, så ordna alt seg med sunn fornuft. No har dei pressa ned prisane, halvert beredskapen og endra lynne. Med dei erfaringane vi har no, ville vi aldri signert avtalene som vi gjorde i fjor, konstaterer dei to.