Alvorlege feil i skatt og rekneskap

Leiar frå BG 9-2004

Publisert

Fredag 29. oktober var siste frist for å klage på skatten. Same dag melder NRK Sogn og Fjordane at svært mange næringsdrivande, til dømes bønder, er påført store feil i si likning om sjølvmelding og rekneskap er levert elektronisk. Renteutgifter er gjort om til underskot i næring, mens næringsinntekta har falle ut. Personinntekt er ført dobbelt opp. Ei som skulle ha tilbake skatt, fekk tilbake 40 000 for lite. Feila har oppstått på andre sida av den elektroniske innleveringsskranken, og det ser ut til at rekneskapspostane er dandert som kuskit på beite utover det elektroniske skjemaveldet. Det kan sjå ut til at dei største feila ikkje har ramma så veldig mange. Likevel, det har oppstått såpass mykje rart at det ikkje kan vere snakk om enkeltståande tilfelle. Vi veit ikkje kva som er feilkjelda, men ansvaret fell i alle høve på Skatteetaten. For oss spelar det ingen rolle om det er programvaren som tøysar med tala, eller om det er Skatteetatens tilsette som har fått for dårleg opplæring i å ta imot elektroniske skjema. Det viktige er at det blir feil, dei blir til dels grove, og dei råkar folk som på ære og samvit har levert korrekte sjølvmeldingar. Mange var dei som meinte at innføringa av det elektroniske leveringssystemet Altinn gjekk over stokk og stein, og at det kom minst eitt år for tidleg. Nokre rekneskapskontor og revisorar har fått tilsendt informasjon om at det kan dukke opp mogelege feil i skjema. Det er ikkje nok. Det er prisverdig, men heller ikkje nok, at ein lokalradio tar opp problemet i siste liten. Vel har kvar enkelt av oss plikt til å kontrollere likningstala vi får tilsendt, men vi likar helst å stole på at Skatteetaten ikkje tullar med rekneskapane våre. Den tilliten er det ikkje rom for. Kor er det blitt av pressemeldingar, oppslag og åtvaringar frå Skatteetaten om at det er fare for feil i likningstala til så mange sjølvstendig næringsdrivande? Ville det ikkje vore naturleg å gi ei ekstra oppmoding om å sjekke tala, når etaten sjølv erfarer at dei utilsikta har påført folk feil skatt? Siste rekneskaps- og skatteår har fleire moment som er vel verd å kommentere. Som kjent vart det innført eit nytt rekneskapssystem, eit system som gjer det nærast uråd å føre rekneskapen manuelt. Med andre ord eit opplegg der alle blir tvinga over på dataføring, fordi systemet er så komplekst at ein ordinær menneskehjerne vil slite med å få på plass alle detaljane. Systemet høver heller ikkje særleg godt for landbruket. Vidare kom Altinn-ordninga, der rekneskapane vert levert elektronisk. Dermed sparer Staten store pengar på å legge inn tala manuelt, mens vi skatteytarane sit med rekninga for å kontrollere tala omatt og omatt. I tillegg må vi peike på visse leverandørar av programvare. Daldata forsto omsider at tida kunne vere inne for å stige ut av MS-DOS-myra, og inn til alle andre i Windows-verda. Dette kvantespranget tok dei samstundes som det nye rekneskapssystemet vart innført. To nye ting på ein gong, altså. Det vart for mykje for Duett-leverandøren. Duett blir nytta av svært mange rekneskapskontor, og firmaet er i allianse med Bondelaget. Det nye programmet var imponerande uferdig og påførte brukarane både mengder av trøbbel og lange kveldar i djup frustrasjon, om vi skal tru dei mange signala vi har fått. På hjelpetelefonen var det svært lang ventetid for å få svaret Dette må vi få sjekke og ringe tilbake om. Vi har høyrt om stadige rettingar på programvaren, om rekneskapskontor som sat lenge med halvvegs fullførte rekneskapar grunna programsvikt, og mykje ekstraarbeid heilt på tampen. Kven betaler for alt rotet? Du som kunde, sjølvsagt. Skatteetaten er dermed ikkje åleine om skulda for at rekneskapsåret 2003 må få overskrifta Rot og trøbbel i historiebøkene.