ABC for databønder

For å vere sikker på å forvirre oss, som frå før har nok med å halde styr på EHR, CVT og AK-tilskot, strør datafolket om seg med eigne uttrykk.

Publisert

Kor mange GHz bør det vere på den nye datamaskina di, og er USB-porten ein beinare veg til himmelen enn den parallelle?Her er ein liten ABC.ADSL Breiband. Lar deg vere kopla på nettet heile tida, mot ein fast kostnad kvar månad. For deg som brukar internett mykje.AMD Konkurrent til Intel. Lagar prosessorar. Litt rimelegare, jamgod.CD-RW CD-stasjon som kan lese og brenne CD-plater Celeron Rimeleg prosessor frå Intel.Compack flash (CF) Minnekort for digitalkamera og anna bærbart utstyr. Overfører gjerne data til datamaskina via ein lesar med USB-kabel.dpi Punkt pr. tomme. Seier kor finkorna skrivaren eller scanneren arbeider.DVD CD-plate med ekstra stor lagerkapasitet. Lite utbreidd til no. Mest kjent som lagringsmedium for film.Excel Rekneark frå Microsoft. Eit av programma du bør ha. GB Gigabyte. Mål på storleiken på harddisken. I dag er 10 til 40 GB normalt, og meir enn nok til dei fleste av oss.GHz Mål på kor rask prosessoren er.Harddisk Der filer og program blir lagra. Kapasiteten måler vi i GB.Intel Lagar prosessorar i to utgåver: Celeron (rimeleg) og Pentium (kraftigast) Internet Explorer Microsoft sin nettlesar.ISDN Ei telefonline som gir raskare tilkopling på nettet enn den tradisjonelle telefonlina.LCD Brukt om flatskjerm. Kvart bildepunkt på skjermen endrar seg individuelt. I ein vanleg skjerm går ein stråle over baksida av skjermen, og lyser opp punkta indirekte.megapixel Oppløysing på digitalt fotoapparat. Bør vere minst 2,1 for å få bilete på nivå med det gamle fotoapparatet.Office Programpakke frå Microsoft med tekstbehandling, rekneark og ymse anna Opera Norsk nettlesar med epostprogram. Rask i bruk, finst også i nynorskversjon.Operativsystem Programvare som driv maskina, platform for anna programvare. Windows mest vanleg, men får etter kvart sterk konkurranse frå til dømes Linux. Dei fleste program for landbruket er utvikla for Windows.Pentium Den kraftigaste prosessoren frå Intel.PCMCIA Stasjon i maskina der du kan sette inn minnekort, nettverkskort eller kople til andre ting. Standard på bærbare maskiner, mykje brukt i utstyr for presisjonslandbruk.Prosessor Hjernen i datamaskina. Ikkje bry deg om spesifikasjonane, for denne er god nok på maskiner frå kjente merke.RAM Arbeidsminnet til maskina. Her blir data lagt inn og henta ut mens du arbeider. Kapasiteten betyr mykje for kor kjapp maskina er. Bør vere minst 256 MB Rekneark Program der du legg inn data i eit rutenett. Programmet kan rekne ut alt mogeleg frå tal i desse rutene .Smart Media (SM) Minnekort for digitalkamera og anna bærbart utstyr. Overfører gjerne data til datamaskina via ein lesar med USB-kabel. TFT Skjermtype på bærbare datamaskiner. Kjøper du bærbar, pass på at ho har TFT-skjerm.USB Ny standard for overføring av data inn og ut av maskina. Blir brukt til skrivar, scanner, digitalkamera, tastatur osv. Maskina bør helst ha fleire portar, og gjerne den enda raskare USB 2.Windows Operativsystem levert av Microsoft. Finst mellom anna i versjonane 95, 98, 2000, ME (Milennium Edition - styr unna!) og XP.Word Tekstbehandling frå Microsoft. Eit av programma du bør ha.Mitt Dataleksikon av Kurt Lekanger er delvis nytta som kjelde.