Tørt høy
Blæstadtørka skulle gi 20 prosent større kapasitet og betre kvalitet, men ikkje enkelt å få i produksjon.

Kva skjedde med Blæstadtørka?

Sverre Linnestad, no pensjonert førsteamanuensis frå Blæstad, utvikla ei automatisk styring for høytørke som førte med seg større kapasitet, betre fôrkvalitet og minimalt behov for manuell pass. Kva har skjedd?

Publisert

Bedre Gardsdrift skreiv om den såkalla Blæstadtørka i 1998. Artikkelen finner du om du søkjer i det digitale arkivet vårt, som går heilt tilbake til 1981. 

Av og til får vi spørsmål frå lesarane om kva som er status for Blæstadtørka. Vi vil sjølvsagt gi skikkelege svar, så vi har ringt Sverre Linnestad.

Automatisk tørt

Ideen går ut på at vifta skal gå etter tre program. Når utelufta gir tørking, går vifta kontinuerleg på uteluft. Når utelufta er for rå, men før høyet er ferdig tørka, koplar vifta om til omluft. På slutten av tørketida går vifta på intervall, avhengig av luftråmen ute. 

Sensorar registrerer fukt og temperatur ute, inne og i lufta frå høyet, og sender melding til omluft-luka og til vifta.

Seigt å kome vidare

Dermed kan du enkelt og greitt slå på vifta når du tar til å legge inn høyet, og strengt tatt treng du ikkje gjere meir enn å sjekke at sensorane er på rett plass fram til høyet er ferdig tørka.

– Det har vist seg å vere for arbeidskrevjande å få styringssystemet til tørka i produksjon, sjølv om det er ganske enkel teknologi som skal til. No er jo alt av sensorar og hardware blitt veldig rimeleg. Slike ting er ikkje noko hinder lengre, seier Linnestad til Bedre Gardsdrift.

Databoksen er nøkkelen

Det som har vore krevjande i utviklingsarbeidet, er å finne fram til dei rette verdiane for når automatikken skal skifte mellom uteluft, omluft og intervall. Desse dataverdiane er stadig gyldige, men dei må programmerast inn i ei datastyring for å kome til sin rett.

– Ideen er også aktuell for korntørking, og kunne gjort det mogeleg å tørke tjukkare sjikt om gongen, nemner Linnestad.

Powered by Labrador CMS