Når du har ekstraeffekt tilgjengeleg, som ved bruk av kraftuttak eller hydraulikk, kan firaren i MF 6700 kverne fram 200 gamp.
Hytteinteriøret er i stor grad kjent. Det digitale displayet på dashbordet er nytt, med god oppløysing og fargar, og med svart bakgrunn som standard.
Vil du ha autostyring, må du inn med ein ekstra skjerm. Til så lenge.
Sånn ser serien ut, med grunnleggande tekniske data. Vekta er nesten som før, dvs kring sju tonn.

MF: 4 syl, 200 hk

Nye MF 6718 S er verdas første firesylindra traktor med 200 hk. Fordelane: Lågare vekt, mindre svingradius og lågare pris, reklamerer MF.

Publisert

Den franske traktorprodusenten fornyar sine store firesylindra traktorar, og toppar det heile med å dra makseffekten opp til 200-streken. Vel å merke medrekna ekstraeffekt.

Firaren frå Agco Power er på 4,9 liter, og klarer seg med SCR og dieseloksidasjonsfilter for å nå utsleppskrava i Steg 4, med andre ord eit vedlikehaldsfritt system for eksosrens. Same motor, men med effekt heilt ned til 120 hk, finn du også i dei fem mindre modellane i 6700-serien.

Akselavstanden er 2,65 meter og svingradiusen held seg innanfor 4,75 meter. Massey Ferguson meiner med det å ha den smidigaste 200-hestaren på marknaden.

Dette betyr at 6600-serien får avløysing. For folk som ikkje kjenner MF i detalj, vil det vere vanskeleg å sjå skilnad på utgåande og ny serie. Eksteriøret er i stor grad likt, og hytta framstår som lik, men under skalet er der vesentlege endringar. Først og fremst motoren, men også detaljar på transmisjonsstyring, hydraulikk, bakstuss og ymse punkt i hytta er gjort om.

Mens du også kan velje Dyna-4 på dei tre minste modellane i 6700 S-serien, står valet mellom Dyna-6 og trinnlause Dyna-VT på dei tre største modellane. Transmisjonsalternativa går elles fram av tabellen som du finn ved å klikke deg gjennom bileta i toppen av artikkelen.

Du kan lese meir om 6700 S-serien og spesielt 6718 S i førstkomande utgåve av Bedre Gardsdrift. Traktoren er kandidat til Årets Traktor. Bedre Gardsdrift har prøvekøyrd og sjekka detaljane.

Powered by Labrador CMS