Til venstre: Holder C4.74, ein liten, smidig og ganske allsidig reiskapsbærar. Men kanskje noko veik til å flytte jagarfly. Til venstre: Flyplasstraktoren Fresia Atlas TT, som kan skyve og dra, og det er det. Men tung og sterk.

Traktorrot i Forsvaret

Klassekampen har i ein serie artiklar omtalt Forsvarets kjøp og bomkjøp av traktorar, og riksmedia elles heng på. Her snakkar vi ikkje om vanlege traktorar, men spesialmaskiner.

Publisert

Ut frå Klassekampens presentasjon av saka, kjøpte Forsvaret i 2008 25 Holder-traktorar som var meint skulle brukast til å slepe kampfly og helikopter på Forsvarets flybasar. Kontrakten omfatta også fire traktorar av typen Fresia SP3000. Etter kvart viste det seg at Holder-traktorane ikkje var eigna til formålet. Desse vert i dag brukte til lettare oppgåver på flybasane, og eit nytt anbod om nye traktorar er framforhandla. Traktorane det no er gjort avtale på oppfyller, etter det Klassekampen opplyser, ikkje alle krava dei må oppfylle etter anbodsteksten, og ein av tilbydarane som har tapt anbodskonkurransen går til sak.

Traktor eller "traktor"?

For deg som er litt forvirra over kva vi pratar om her: Definisjonen på traktor er i denne samanhengen ein heil del breiare enn det vi til dagleg tenkjer på som traktor. Det er ikkje snakk om standard John Deere eller Massey Ferguson her, men derimot køyrety med fire hjul, motor, førarplass og, veldig viktig: Trekkrok. Og evne til å skyve og dra i låg fart. Det var det, då har vi ein traktor, på flyplass-språket.

Parktraktor skulle dra F16

Traktoren Forsvaret først kjøpte, basert på spesifikasjonane dei sjølve definerte, finn du faktisk i Bedre Gardsdrifts traktoroversikt. Holder er ein anerkjent reiskapsbærar med trepunkt framme og bak, førarplass framme og eit lite lasteplan over motoren bak. Dette er populære traktorar til bruk i parkar, til kommunalbruk og liknande, og den oppfylte tydelegvis spesifikasjonane Forsvaret stilte i sitt anbod.

Modellen C4.74 hadde i traktoroversikten vår i 2008 ein listepris på 550 000 kroner. Den har hydrostatisk framdrift, 74 hk og ei eigenvekt på 2230 kg. Eit av bruksområda skulle vere å skyve og trekke kampfly. Maksimal startvekt på F-16 er 16,9 tonn, ifølgje Store Norske Leksikon. Vi ligg eit stykke over 1,5-regelen på hengarvekt der, altså.

No: Spesialmaskiner

Traktorane som no blir kjøpte inn er av typen Fresia Atlas TT, som kan leverast med eigenvekt mellom fem og åtte tonn. Også desse har firehjulstrekk, men skil seg frå det vi i landbruket reknar som traktorar på mange vis. Her er det inga anna reiskapskopling enn ein trekkbolt framme og ein trekkbolt bak. Førarplassen har nær sagt som viktigaste funksjon at det skal vere lett å hoppe inn og ut. Der er styring og fjøring på begge akslingane, alle fire hjul er like store, og her er kraftige skivebremser på alle fire hjul.

Men framleis er det bråk, fordi Forsvaret handterer anbodsprosessen på eit vis alle tilbydarane slett ikkje er nøgde med. Men det har ikkje så mykje med sjølve traktorane å gjere.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS