Besøksrekord på opningsdagen
AGROTEKNIKK: Heile 6306 besøkande var innom dørene opningsdagen på Agroteknikk. Det er ny rekord med god margin. Utstillarane melder om god stemning og stor interesse.
Leiar og sekertær for utstillingskomiteen, Gunnar Thorud og Jarle Kleppan, er strålande nøgde etter første dag av årets Agroteknikk.
Torsdags-gjestene er litt annleis enn dei andre besøkande. Dei som kjem torsdag meiner alvor. Dei er som regel på jakt etter noko spesielt, og er så interesserte i landbruk at dei har late alt anna arbeid ligge for å få med seg messa. Slik sett er det eit sterkt signal om livskrafta i landbruket at så mange er innom denne første dagen. Førre rekord på opningsdagen var kring 1000 besøkande færre enn i år.
Det er også til god hjelp av satsinga på ungdom er lagt til torsdag og fredag. Jørgen Skjelin, til vanleg produktsjef for Fendt i Eikmaskin, er den i utstillingskomiteen som har ansvaret for ungdomssatsinga. Han fortel at opplegget har fungert knirkefritt. Hundrevis av skuleelevar frå landbruksskular og landbruksmekanikarlinjer over store delar av landet er bussa inn til Lillestrøm, der dei får eit skreddarsydd opplegg med informasjon og guiding før dei ruslar fritt omkring.