
Valtra A4 kåra til Årets Maskin
Vesle Valtra A4 nøyer seg ikkje berre med stor merksemd her i landet: No har traktoren også fått utmerkinga Machine of the year 2017.
Denne kåringa blir utført av journalistar frå 12 europeiske tidsskrift, stifta av det tyske bladet DLZ, og omfattar mange ulike kategoriar. I klassen for traktorar under 150 hk drog Valtra A4 heim sigeren. Traktoren er grundig omtalt her på gardsdrft.no siste døgnet, noko du ser i artiklane under.