Valtra A93_02

Sverige tilbake 5,1 prosent

Bortsett frå Valtra og Fendt har alle dei store merka i Sverige tilbakegang, og marknaden fell med 173 traktorar.

Publisert

Valtra A-serie er populær i Sverige.

Framgangen for dei to merka, som begge vert forhandla av Lantmännen Maskin, er moderat. Opp 15 traktorar for Valtra og 30 for Fendt, ein auke på høvesvis to og 15 prosent. Samla er den norske og den svenske marknaden nesten jamstore. No er Sverige størst, mens Noreg var størst i 2013. Så er da også tilbakegangen vår fire gongar så stor som hos Søta Bror.

Dei same fire på topp

Det er same fire merka som ligg på toppen av listene i Noreg og Sverige, om enn i litt ombytt rekkefølgje. Den samla marknadsandelen for desse fire er i praksis identisk i dei to landa. Også hoppet ned til femteplassen og strukturen elles er ganske lik, om vi då ser bort frå fordelinga på effektklassane. Svenskane er ivrigare på å kjøpe skikkeleg store traktorar enn oss.

Valtra A83 mest populær

Valtra er på topp, som så ofte før. Finnen har stått godt imot nedturen dei andre har opplevd. Ut frå effektstatistikken ser A83 ut til å vere det store lokomotivet, om vi reknar volum. Deretter følgjer A93 og dei minste modellane i N-serien, og det er her vi finn veksten. Også N163 gjer det godt.

John Deere stor på dei minste

John Deere går tilbake også i Sverige, men mykje mindre enn hos oss. Lat oss berre tru at ingen med overtru lar seg skremme av hjortens registreringstal (sjå tabelle under). Kvar sjette John Deere i Sverige er i effektklassen under 55 hk. Nesten like mange gul-grøne er leverte i klassen 165 til 192 hk. Elles er fordelinga ganske jamn i heile 6R-serien sitt område. John Deere har levert 52 traktorar over 300 hk i Sverige, og er nesten åleine der.

Blanda for MF 5600

Tala for MF i Sverige er litt blanda drops. Nokre av klassane der 5600 høyrer heime går opp, andre går ned. Storparten av tilbakegangen er i klassen 110-123 hk. 3600 går noko tilbake, og det gjer også dei større seriane. Massey Ferguson er årets store tapar i nabolandet vårt.

Jamt frå New Holland

Den blå traktoren er representert i alle effektklassar opp 450 hk, med ganske jamn fordeling. 110-123 hk står sterkast, følgd av klassen 83-96 hk. Endringane frå 2013 er moderate.

Fendt klatrar

På femteplass i Sverige finn vi Fendt, som i 2013 var nøyaktig like stor i Sverige som Fendt er i Noreg i 2014. Halvparten av Fendts svenske nyregistreringar er mellom 248 og 300 hestekrefter. I den effektklassen er marknadsandelen omlag 50 prosent. Det er også her vi finn veksten.

CaseIH på nedtur

Mens New Holland ligg stabilt, stuper CaseIH, årets andre store tapar i Sverige. Tilbakegangen gjeld nesten alle effektklassar. Det betyr at Noreg no er større på CaseIH enn naboane våre.

Resten

Claas har omlag like stor tilbakegang i Sverige som i Noreg, i sum omlag likt med framgangen i Danmark. Den franske traktoren har fått eit visst fotfeste, men har enno langt att til å leike med dei store.

Deutz-Fahr må også kallast ein utfordrar. HCP har ikkje klart å etablere seg sterkt i noko av dei tre skandinaviske landa, og må ta til takke med sjuande- eller åttandeplassen. Noreg er faktisk støre Deutz-Fahr-landet.

Zetor går ørlite fram i Sverige, og er siste merke med meir enn 50 registrerte traktorar hos dei blå-gule.

Gruppa "andre", som vi ikkje har tatt med i tabellen, er på 257 traktorar, ein auke frå 225. 155 av desse er under 55 hk, og mest truleg av ymist asiatisk opphav. I denne gruppa har vi også lagt inn beltedyret Challenger, som er einaste merket vi kjenner. Kvifor svenskane ikkje tar med alle merka i statistikken sin er vi ikkje kjende med. Generelt har nabofolket hatt ein noko større hang enn oss til å skulle kjøpe skikkeleg billege traktorar frå langt austpå til dei fråflytte småbruka sine.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS