1505reg-graf

Stadig svak traktormarknad

Mai gir nok ei botnnotering, og året totalt ligg bak det svake fjoråret. John Deere, MF og Valtra held pallen utan problem, for A-K slit med å få ut nye traktorar for tida.

Publisert

I april låg vi nesten likt med fjoråret. Så kom mai og øydela, slik at 2015 atter teiknar til å bli enda dårlegare enn 2014. På statistikken med rullerande 12 månader ligg vi no på 3082 traktorar. På same tid i fjor var talet 3604. Slik sett er situasjonen enda verre enn det som går fram av tabellen.

Stødig i teten

John Deere har henta seg inn etter det svake fjoråret, og leverer i mai nok ein månad kring der ambisjonen ligg.Massey Ferguson har heller ingen planer om å sleppe taket, trass litt færre traktorar. Nær 20 prosent marknadsandel er to prosentpoeng bak resultatet for 2014 samla sett. Den gongen var det nok til å bli marknadsleiar. Valtra har også tatt inn nedturen i fjor, og ligg på eit tradisjonelt normalt godt Valtra-nivå på tredjeplass.

Dramatisk for A-K

Verre er det for A-K maskiner. New Holland er på tredjeplass, men avstanden til Fendt på femteplass er kortare enn til Valtra på tredjeplass. Ikkje ein gong om vi summerer CaseIH og New Holland er det nok til å hamle opp med dei tre på pallen. Til saman er dei to merka tilbake 152 traktorar frå same periode i fjor. Det er nesten ei halvering, når saldo så langt er 178 nyregistrerte. Resultatet er oppsiktsvekkande svakt. Rett nok hadde John Deere ein tilbakegang på 382 traktorar på eitt år frå 2013 til 2014. I tal traktorar pr. månad er A-Ks nedtur omlag lik, og i prosentvis tilbakegang er ikkje skilnaden veldig stor. Skilnaden er at John Deere kutta ut ein av dei mest populære traktorseriane i landet utan å by fram noko dugande erstatning. CaseIH og New Holland har derimot eit sterkt og uendra modellprogram, så fallet må mest truleg tilskrivast grunnar i A-K-systemet.

Grønt i pluss og minus

Fendt og Claas går begge forsiktig i pluss, med ein liten auke i marknadsandelen. Begge er forbi CaseIH, som nær sagt i alle år har hatt hevd på femteplassen. På åttande finn vi Deutz-Fahr, som ikkje held trykket oppe. I snitt er det registrert fem færre Deutz-Fahr pr. månad til no i år mot på same tid i fjor. Når samstundes Zetor fell ut av topp-ti-lista, med beskjedne 18 traktorar på fem månader, er situasjonen stusseleg for HCP.

Kubota klatrar

Vi snakkar ikkje om store tal, men både McCormick og Kubota har ein ørliten framgang i ein fallande marknad. Mellom småmerka kan vi nemne at Belarus så langt i år ikkje har registrert ein einaste ny traktor, mens JCB berre kan notere seg for ein nyregistrert. Det same gjeld Landini.

Powered by Labrador CMS