død rose COLOURBOX1812518

Omkom i ulukke med rundballepresse

HORDALAND/VOSS: Ein mann i 40-åra omkom etter at han kom i klem i ei ulukke med rundballepresse på Voss.

Publisert

Den skadde var fastklemt i ei rundballepresse. Politiet har ikkje gått ut med fleire detaljar om kva som har skjedd enno. Alle naudetatane rykte ut, og ulukka vart frå første melding omtalt som alvorleg. Dei pårørande er varsla, og får oppfølging frå kriseteamet i kommunen.

Ulukka har skjedd nokre kilometer frå Vinje på Vossestrand i Voss kommune. Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.28, og var på staden nesten ein halv time seinare. Det lokale brannvesenet og ambulanse rykte ut, og det vart arbeidd med mykje mannskap på staden. Likevel sto ikkje livet til å redde.

Ut frå bilete frå staden er det ei eldre singel rundballepresse som var i bruk, truleg ei Orkel 1200 eller 1202.

Politiet har oppretta sak og har starta etterforsking. Den held fram onsdag. Også Arbeidstilsynet vil bli kopla inn i saka.

Powered by Labrador CMS