Vikedal Mur og Anlegg har med sine to gjødselbilar overtatt ein stor del av gjødselkøyringa i sitt distrikt frå traktorar. Bøndene sel gjødselvognene og leiger inn lastebilane dei er så heldige å ha tilgang til, og alle er glade og nøgde.

Meir lastebil i landbruket

Store strukturendringar i det europeiske landbruket gir auka bruk av spesialiserte lastebilar til transportkøyringa. Ein viktig gevinst er redusert dieselforbruk.

Publisert

MAN med avskyvarvogn og landbruks-spekk, fotografert på Agritechnica i 2007. No går det stadig fleire slike både i Tyskland og resten av Europa.

I Danmark er det anslått at talet fulltidsbruk vil falle frå drygt 11 000 til knapt 8000 frå 2012 til 2022. Det gir større transportavstand og meir køyring på veg. Alt i dag skjer mykje av transporten av husdyrgjødsel og avlingar med lastebil, og meir vil det bli, melder maskinbladet.dk.

– Det meste av transporten skjer på fast veg. Med lastebil går transporttida ned, og det gjer også dieselforbruket. Lastebilar kan køyre på motorveg, og lastebilane gir eit betre inntrykk i trafikken, seier Thomas Kier hos den danske importøren av mellom anna Bergmann og Peecon til Maskinbladet.

Rimelegare i drift

Det typiske dieselforbruket ligg mellom fem og åtte liter pr. time under forbruket til traktoren, forklarer Kier, og viser til ein maskinstasjon med åtte lastebilar i stallen. Der er forbruket på ein 480 hk lastebil samanlikna med ein tilsvarande stor traktor. Kier nemner elles at lastebilen har omlag dobbelt så lange serviceintervall, forutan rimelegare reservedeler.

Fordelar og ulemper

Kier nemner at ein landbruksrigga MAN lastebil med firehjulsdrift, breie hjul, kraftuttak, hydraulikk og 480 hk kostar kring 1,2 millionar danske kroner. Ein stor-traktor med effekt opp mot dette nivået vil vere vesentleg dyrare i innkjøp. Ulempa med lastebilen er køyre- og kviletidene, som betyr at du i onnene bør ha to sjåførar. Dessutan må førarkort og andre former for opplæring vere i orden.

Reiskapen finst

Kier forklarer Maskinbladet at reiskapen til lastebilane alt finst i handelen. Til dømes vogner for å køyre inn fôr, enten med botnbelte eller som avskyvarvogn. Gjødselpåbygg er danske produsentar ganske store på.

Lastebilar også i Noreg

Vikedal Mur og Anlegg har suksess med sine to gjødselbilar. Les meir om dei i BG 5/2015.

Gjennom mange år har det gått fleire lastebilar i landbrukskøyring ulike stader i Noreg. I BG 5/2015 kan du lese om VMA på Haugalandet, som har suksess med sine to fireaksla gjødselbilar. Desse lesser seg sjølve og held seg på vegen, mens gjødsla for det meste blir pumpa vidare i slange til traktor med stripespreiar. Bladet er på veg ut i postkassane i desse dagar, og om du ikkje abonnerer kan du laste ned bladet her.

Powered by Labrador CMS