Sil-All

Alltech kjøper Produs

Ein av dei største aktørane på biologisk ensileringsmiddel her i landet, Produs AS i Førde, er kjøpt opp av sin største leverandør, irske Alltech.

Publisert

Både kjøpar og selgarar er nøgde med at Alltech overtar Produs frå dei norske eigarfamiliane.

Det irske selskapet omtaler seg sjølv som det globalt leiande konsernet innan dyrehelse og ernæring, og står mellom anna bak produkt som Sil-All. Alltech er familieeigd, grunnlagt og framleis styrt av dr. Pearse Lyons. – Vi har samarbeidd med familiane Ravnøy og Loe, som står bak Produs AS og søsterselskapet Produs Aqua AS, sidan byrjinga av 2000-talet. Dei sterke sidene våre utfyller kvarandre godt, noko kundane til lands og til sjøs vil dra nytte av. Målet vårt er å mette verda på ein meir effektiv, lønsam og bærekraftig måte, seier Lyons.

Ensilering, tilskotsfôr, vaskemiddel...

Produs AS har særleg retta seg mot landbruket. Produktspekteret omfattar ensileringsmiddel, tilskotsfôr, jordforbetring, vaske- og desinfiseringsmiddel og andre forbruksartiklar.Noko av dette er eigenprodusert eller seld under eige merkenamn, mens til dømes ensileringsmiddel og jordforbetringsmiddel er levert av- og seld under merkevaren Alltech. Produs AS har base i Førde i Sogn og Fjordane og driv direktesal til bønder over heile landet. Dei har gjennom fleire år vore tydelege på at nokre av buskapane med høgast yting i landet er mellom kundane. Selskapet har omsett for typisk kring 20 millionar kroner årleg dei seinare åra, og er vurdert til å ha tilfredsstillande likviditet og lønsemd, og god soliditet.

Tilbyr direkte rettleiing

Produs er mest truleg den største leverandøren av biologiske ensileringsmiddel i Noreg, med Sil-All 4x4 som flaggskipet.

Alltech har hatt stor vekst frå etableringa i Irland. No opererer selskapet i 128 land, med det som er omtala som ernæringsteknologi som sitt fremste fagfelt. Planen er å halde fram og styrke satsinga Produs har hatt på skreddarsydde program for kundane og rettleiing ute på gardane. Terskelen for å få støtte frå Alltechs globale og lokale team med forskarar, ernæringsfysiologar og andre fagpersonar vil venteleg verte lågare.

Powered by Labrador CMS