John Deere 7R

Nedgang i Storbritannia

Den ferskaste traktorstatistikken frå Storbritannia viser at alle dei store merka gjekk markant tilbake frå 2012 til 2013. John Deere er i tet framom New Holland og Massey Ferguson. 

Publisert

Folket på øya der i vest er av dei som held strengt på ein EU-regel om å ikkje publisere talet nye traktorar før enn eitt år etterpå. Difor er tala du får her frå 2013, og dei er jamført med 2012.

Ei oppsummering av 2014, utan avsløringar om tilstanden for kvart enkelt merke, finn du her.

Statistikken har to sluttsummar: Ein for den totale traktormarknaden, og ein som einast inkluderer traktorar over 50 hk. Fordelinga på merke er inkludert småtraktorane.

Fleire hestar frå færre traktorar

Medrekna både stort og smått har britane ein nedgang på nær ti prosent. Ser vi berre på dei over 50 hk, er nedgangen litt større. Gjennomsnittseffekten har gått litt opp.

Teten på retur

John Deere er suverent størst, med nær ein tredel av marknaden. Faktisk er John Deere i Storbritannia like stor som New Holland og Massey Ferguson til saman.

Alle dei fire største merka går merkbart tilbake. John Deere har klart størst minus i tal traktorar. Med tre unntak har faktisk alle merka i lista tilbakegang. I høve til tidlegare nivå er tilbakegangen verst for JCB, McCormick, Valtra og MF. Alle er mellom 20 og 30 prosent tilbake.

Einaste merke med stor framgang er Claas, som aukar med heile 50 prosent og med det dyttar Fendt ned til sjetteplass.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS