Dobbelt årsavgifts-krav
Har du avtalegiro for årsavgift? Då kan du ha fått to krav for betaling av årsavgift pr. køyrety. Slapp av, seier Tollvesenet. Dei har gjort ein feil, og den blir retta.
Traktorar med tillatt toalvekt under 7500 kg må betale kr 435 i årsavgift, men det klarer seg med ei innbetaling.
Tollvesenet er i ferd med å rette feilen, så sjekkar du nettbanken att om nokre dagar, skal alt vere ok.
Kravet om årsavgift gjeld mellom anna alle traktorar og bilar med tillatt totalvekt 7500 kg. Traktorar med tillatt totalvekt over 7500 kg har ikkje krav om årsavgift. Forfallsdatoen for årsavgifta er 20. mars.