1501reg-graf

Dårleg start

Traktoråret 2015 startar der 2014 slapp: Kring 75 traktorar dårlegare enn gjennomsnittet for alle åra BG har i sin månadsstatistikk. Skilnaden er at John Deere er tilbake på toppen.

Publisert

Rett nok er avstanden mellom Deere, New Holland, MF og Valtra så liten at det ikkje betyr så mykje enno, reint bortsett frå at FK-folket nok opplever det som triveleg å vere først i løypa att. For med heile året framom oss, er differansen frå 36 (Valtra) til 55 (JD) på ein einskild månad ikkje noko å henge seg mykje opp i.

Vi skal heller ikkje dvele for mykje med pluss og minus for dei enkelte merka med så spinkelt grunnlag, ut over desse fem: John Deere er einaste med nemnande framgang frå 2014. Største tilbakegangen har Massey Ferguson og New Holland, men også Deutz-Fahr og CaseIH har svake januartal.

Ja, og så må vi nemne McCormick, som startar godt.

Totalmarknaden held fram den tendensen vi såg starte i november 2013, og som heldt det gåande gjennom heile 2014, med svake tal jamt over kvar einaste månad – med ein ganske normal januar som eitt av få unntak. Årets januar er vesentleg dårlegare enn fjorårets, ned heile 24 prosent, og einast med finanskrisepåverka januar 2010 som dårlegare.

I Bedre Gardsdrift nr. 1 2015, nyss utlevert av Posten kringom til dei mange abonnentane våre, finn du ei grundig analyse av traktoråret 2014. Der kan du også lese professor Reidar Almås sine kommentarar til kvifor registreringstala går slik opp og ned, og kva traktorimportørane seier.

Tykkjer du det er dystert med ein registreringsstatistikk som peikar nedover, kan du trøyste deg med at mange andre statistikkar peikar oppover. Det seier landbruksministeren.

"
Powered by Labrador CMS