1503reg-graf

Eit lysglimt med omkalfatringar

Mars vart ein over snittet bra traktormånad. John Deere og Valtra er sterkt tilbake, MF står seg godt, mens New Holland og CaseIH går mykje tilbake. Etter eitt kvartal er vi på same nivå som i fjor.

Publisert

Traktoråret 2015 starta svakt, men er på veg til å ta seg opp. Etter tre månader er 2015 berre det tredje verste året i statistikken vår, mykje takka vere at mars er litt framom det som er normalt for månaden. Dermed er talet registrerte traktorar til no i år to prosent framom nivået frå i fjor.

Deere er tilbake

Mens John Deere hadde eit tungt år i 2014, er første kvartal 2015 tilbake kring normalt nivå. I mars er nær kvar tredje nyregistrerte ein hjort. Dette betyr også at felleskjøpa sitt merke er tilbake som nummer ein, og dei tre samvirka er hårfint i tet som største traktorimportøren.

Stødig frå Eik

Massey Ferguson står stabilt på andreplass, mens Fendt no er oppe på femteplass. Dei to har fått registrert nesten like mange som i 2014, høvesvis seks og fem traktorar tilbake. Fendts klatring frå ein mangeårig stabil sjetteplass skuldast ikkje eigne høge registreringstal, men heller at CaseIH gjer det dårleg. Meir om det om litt. Eikmaskin manglar berre fire traktorar på å vere jamstor med felleskjøpa som største traktorimportøren i landet.

Valtra er også tilbake

Det andre merket som hadde eit tungt 2014 er like sterkt tilbake som John Deere. Begge har nær identisk vekst med pluss 58/59 traktorar. For Valtra betyr det ein klar tredjeplass og omlag normal marknadsandel.Claas, som deler hus med Valtra på import- og salssida, kan også notere seg ok tal, opp fem traktorar frå i fjor. Den lysegrøne franske er oppe på ein delt sjetteplass etter tre månader av 2015. Samla er Lantmännen maskin berre fire prosentpoeng bak dei to største importørane.

Svakt frå A-K maskiner

Tre merke går mykje tilbake på statistikken vår. Dei to med størst tilbakegang høyrer begge heime hos A-K maskiner. Til no i år er det berre registrert to tredelar så mange New Holland som på same tid i fjor. Mars-resultatet bidrar negativt på statistikken, og ingen andre merke har større fall i marknadsandel. New Holland enda på fjerdeplass etter tre månader.Enda verre er situasjonen for CaseIH. Den raude er halvert, og står no på ein uvant sjetteplass, delt med Claas. Ser vi isolert på mars fekk både Kubota og McCormick registrert fleire enn CaseIH. A-K maskiner er litt over halvparten så stor som FK eller Eik.

McCormick og Deutz-Fahr

Mens McCormick roleg og forsiktig plukkar nokre få fleire traktorar i år enn i fjor, går Deutz-Fahr beint ut på trynet. Første kvartal i fjor var talet DF 38. No er talet 15. Om CNH-traktorane har størst fall i tal traktorar, er det ingen som slær Deutz-Fahr i prosentvis nedgang.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS