Kommentar til leder 6/2010

I 2010 ble Vest-tank saken omtalt på lederplass i Bedre Gardsdrift. En av de involverte, Karl-Jan Erstad i firmaet Rådgjevande Agronomar, har bedt om en kommentar til lederen.

Publisert

Karl-Jan Erstad i firmaet Rådgjevande Agronomar har bedt om at Bedre Gardsdrift publiserer følgende kommentar:

Om Vest tank og dårlege rådgjevare

Leiaren i Bedre Gardsdrift nr. 6 2010 hadde tittelen «Straff dårlege råd!». Redaktøren hengte her ut underteikna og vårt firma med namn og nemning, etter første rettsrunde i Nordhordland tingrett på ettervinteren 2010. Eg plar til vanleg ikkje å lese bladet, men har vorte gjort merksam på det i ettertid, og det er rimeleg med tilsvarsrett.

Vest Tank-saka er svært spesiell, og har gått som strafferettssak i 4-5 år. Firmaet Vest Tank har aldri klaga på mi rådgiving, fordi denne var relevant. Eg tok del i ei arbeidsgruppe å nøytralisere og bryte ned avfallsrest frå bensinvasking, og 4 ulike forslag var framme. Den eine løysinga vart vald, og den hadde fungert, om avfallsdeklarasjonen hadde vore korrekt. Det var metanol overalt, og dette gav farlege gassar under syrespalting. Dei internasjonale aktørene fekk Økokrim ikkje fatt i. Dei gav opp, og tok 3 norske involverte frå Vest Tank i staden – bakar for smed.

Vest Tank-dommen er feil fordi det ikkje var skuldsamanheng med eksplosjonen. Dette er eit grunnleggande krav i straffelova. Hovudforholdet er knytt til at det skjedde ei eksplosjonsulukke, men retten var ikkje i stand til å påvise denne straffeskulda. Lagmannsretten skreiv i 2013 at «… den eksakte årsak ikke har betydning for skyldspørsmålet.» Her er vi ved den store fullmaktsfare i ein del særlover, som t.d. forureiningslova: «Ingen må ha, gjøre eller sette i verk noe som kan medføre forurensning eller fare for forurensning …» (§78). Det rammar den som set i verk og den som medverkar, og teoretisk fare for forureining er nok, og like så simpel uaktsemd. Mot dette kan ingen verje seg, for faren er der kvar dag vi møter. Det er eit universalverktøy som kan brukast dersom det er vilje til å ta nokon, og ein er forsvarslaus.

Redaktøren omtaler så i byrjinga av 2010 mi sak etter første runde i tingretten. Anke førte så til frifinning i lagmannsretten året etter, men Økokrim sin anke til Høgsterett førte fram. Det var ikkje krav om forsett som det stod i dommen, men simpel uaktsemd er nok, og saka skulle opp til ny handsaming i lagmannsretten. Vår sak om eksplosjonsårsak stod stadig sterkare, men rettens administrator avviste i domsgrunnlaget å gå inn på dette. Det var inga ny, reell prøving. Retten dømde generelt etter §78 i forureiningslova: «simpel uaktsemd for fare for forureining» – noko anna, abstrakt som kunne ha skjedd i staden for eksplosjonen.

Fullmaktslover som forureiningslova og naturmangfaldslova burde på eit prinsipielt grunnlag interessere redaktøren. Dette er farlege lover som kan dømme personar for kva som helst, også i landbruket. Den franske kardinalen og politikaren Richelieu er kjent for utsegna: «Vis meg 5 liner skrivne av denne mannen, og eg skal finne noko å henge han for.»

For så vidt har eg lagt merke til at Bedre Gardsdrift har jakta på landbruksrådgivarar.

Personleg har eg gjennom åra 3 gongar vore sakkunnig vitne i sivilsaker for retten. Dette har dreia seg om kvalitet av driftsmiddel til landbruket (gjødsel, kalk), mellom leverandørar på den eine sida og storbønder og landbruksentreprenørar på den andre. Her er det naturleg for meg berre å legge fram data frå undersøkingar på produktkvalitet, om desse held mål etter spesifikasjonar, mens bøndene er ansvarlege for eigen produksjon. Dette er atterhald som norske produsentar lærer seg frå det amerikanske rettssystemet («disclaimers»).

Elles treng sikkert ikkje bøndene rådgivarar. Dei har sunt bondevett.

For øvrig er det ein fordel om redaktøren har peiling på det han skriv om.

Karl-Jan Erstad – Rådgivande Agronomar AS: