Rullar, sikrar og samlar stroppene

Svenske X-innovations får orden på lastsikringsstroppene: Dei rullar brukte stropper med hjelp av batteridrill, hindrar at kroken hoppar av, og held rulla stropper saman.

Publisert

Å rulle ei stropp manuelt tar fort over eit minutt. Med batteridrill og den nye såkalla Wind-X MK gjer du same jobben på 15 sekund, og med ein motor involvert er truleg sjansen for at det blir gjort ørlite større hos mange av oss. Oppfinninga er laga av solid plastkompositt. Den tar band i breidder frå 20 til 100 mm, og viktigaste krav til drill er at den tar minst 10 mm i kjeften.

Tre ting på ein rull gjer kvardagen med stropp lettare å leve.

Unngå laus krok

Alle har vel opplevd at kroken på stroppen har hoppa av under køyring. Særleg om du køyrer litt fleksibelt lass. Det kan vere dobbelt trafikkfarleg, både ved at stropp og krok kan gjere skade på andre, og ved at lasset utan varsel ligg usikra. Dette har det svenske firmaet fiksa med ei heilt enkel oppfinning. Dei trer på ei plastleppe på kroken, så den held seg på plass også om bandet er laust. Dette er også til god hjelp mens du surrar, så du unngår at stroppene hoppar av før dei er stramme. Plastleppa har fått namnet Grip-X.

Held banda samla

Å lagre samanrulla band kan også vere utfordrande. Det kan du løyse med produktet Lock-X, enkelt og greitt eit borrelåsband som held tampen av bandet fast, slik at risikoen for at rullen opnar seg er sterkt redusert. Dermed kan du lettare stable, henge og handtere rullen som du vil.

Produsent X-innovations er representert i Noreg av Grove-Knutsen & Co AS i Oslo, som sel til sluttbrukar via ymse forhandlarar.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS