kvigetransport q

Døde kviger frå USA, skulle til Litauen

Svenske ATL melder at krøttera som har drive i land i Sverige og Danmark den siste tida var på veg frå USA til Litauen, og at dei er dumpa over bord på grunn av sjukdom.

Publisert

Her er reiseruta for livdyr-skipet som er mistenkt for å ha dumpa daude kviger i Austersjøen nyleg. Kortreist mat? Ikkje akkurat. Kart: Google maps/BG

Mysteriet med dei daude kvigene er altså resultatet av internasjonal livdyrhandel, i dette tilfellet frå ei båtfrakt på nær ein månad.

Svensk politi fortel at dei veit sikkert at dyra kjem frå eit libanesisk fartøy som segla med kyr frå USA til Litauen. Fleire av dyra er blitt sjuke under overfarten. Det er lov å dumpe daude dyr over bord i internasjonalt farvatn, men ikkje i Kielkanalen eller Austersjøen.

Svenske ATL har undersøkt båtreisa, og kome fram til at turen starta frå Wilmington i USA 11. desember i fjor. Båten har kryssa Atlanteren, og gjekk gjennom Kielkanalen 27. desember. Klokka fem om morgonen 7. januar kom fartøyet til Klipedia i Litauen.

ATL melder vidare at Aftonbladet har vore i kontakt med reiaren, som stadfestar at fleire dyr døydde under overfarten, men hevdar at desse vart dumpa i internasjonalt farvatn og ikkje i Austersjøen. Reiaren peikar derimot på eit anna fartøy som går i same type frakt, men på spørsmål frå Aftonbladet nektar dei for å stå bak dette.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS