Statens vegvesen logo
Statens vegvesen logo

Vegdirektoratet ignorerer landbruket?

Så har det skjedd igjen: Statens Vegvesen/Vegdirektoratet har sendt nye reglar som gjeld traktor på høyring, utan at landbruket eller traktorbransjen er invitert til å kome med innspel.

Publisert

Reglane det gjeld er ikkje dei mest kontroversielle. Det er snakk om å ta inn EU-reglar om tekniske krav til målemetodar for eksosutslepp og den slags i norsk regelverk. I praksis vil ikkje dette ha noko å bety i kvardagen for verken deg eller meg.

Likevel. Statens Vegvesen pliktar å sende slike saker på høyring. Denne forskriftsendringa gjeld einast traktorar. 31 instansar har fått høyringsbrevet tilsendt. På lista finn vi slike som Bilimportørenes Landsforening, Yrkestrafikkforbundet og Næringslivest Hovedorganisasjon, greitt nok. Men ingen som har med traktorar å gjere til dagleg. Som til dømes Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening, som kan hende er einaste forsamlinga der dette har særleg relevans. Heller ikkje Norges Bondelag eller småbrukarlaget står på lista.

Høyringa vart sendt ut 5. mai, med svarfrist 17. juni.

Bedre Gardsdrift oppdaga høyringdokumentet etter at Vegdirektoratet sine tilsette hadde avslutta arbeidsdagen fredag, og har difor ikkje fått nokon kommentar frå direktoratet.