sau fjellbeite

Uendra momsgrense

Det blir likevel inga endring på momsgrensa frå 50 000 til 150 000 kroner. Bondelaget takkar Venstre og KrF. Ein annan konsekvens er at grensa for rekneskapsplikt neppe blir heva.

Publisert

Regjeringa sitt framlegg ville betydd kring 20 000 kroner i forverra økonomi kvart år for mange av dei mindre bruka, meiner Bondelaget. No har KrF og Venstre stoppa endringa.

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes fortel at Bondelaget har arbeidd hardt for å hindre endringa, saman med andre organisasjonar. Det regjeringa meinte ville vere ei forenkling, viser seg i praksis å kunne blitt ei forverring av økonomien for bønder og småbedrifter i etableringsfasen, og for småbedrifter. Mest utsett ville truleg småfenæringa vore.

Som Bedre Gardsdrift har peika på, er økonomien i landbruket noko annleis bygd opp enn økonomien i mange andre næringar. Hos oss er det mogeleg å drive med overskot og likevel ha mva til gode, avdi offentlege tilskot utgjer ein del av inntektsgrunnlaget. Slik sett ville framlegget slått ekstra uheldig ut for landbruksnæringa.

Ved at mva-grensa ikkje blir endra, er det også mindre fare for at grensa for rekneskapsplikt blir heva til 150 000. Det låg også inne som eit skremmeskot i framlegget til statsbudsjett, men vil vere eit urimeleg framlegg så lenge momsgrensa ligg stille.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS