Turnerer med traktor
For femte år på rad er CaseIH på turne over store delar av Noreg. Morten Ingar Smedsrud er sirkusdirektør på rundreisa, og stråler som ei sol, for det vankar mykje applaus.
Dette førarmiljøet med tilhøyrande traktor, type Farmall 115 U Pro, er mange spente på.
Særleg viser nykomaren Farmall 115 U Pro seg populær. Balanserande på stram line midt i det mest populære traktorsegmentet i landet, viser den gode kunstar: Ein CaseIH-eksklusiv ZF-transmisjon med høg/låg-serie, fire hovudgir og firetrinns hurtiggir gjer den ulik ein blåmåla traktor i same storleiken. Pro-versjonen har også den sjeldne varianten av køyrespak på den mekaniske girspaken, med knappar for vendegir, trepunkt, hurtiggir og meir til.
Trinnlaust i løveburet
Ein annan artist i den omreisande troppen er Maxxum 130 CVX, CaseIH sin trinnlause firar i etterlengta kompakt innpakning. Dessutan er det funne plass til ein Farmall 75 C på lastebilen.
Sveler og vafler i staden for sukkerspinn
Forutan traktorane, som vel må reknast som stjernene i denne samanhengen, har Smedsrud med seg CaseIH sin austerrikske show-trailer, ein semitrailer med storskjerm ute og inne, møterom og stolar og bord med eit utval lokal mat, gjerne type svele eller Twist. For ikkje å gløyme ein modell midt i rommet som viser korleis den trinnlause transmisjonen fungerer. Slå på brytaren, juster betjeninga, og bak pleksiglaset ser du kva som skjer med tannhjul og hydraulikk.
Internasjonal gjesteartist
Smedsrud har med seg fagleg bistand frå ein av CaseIH sine austerrikske produktekspertar, som har ordna seg så viseleg at han av ekteskapelege grunnar snakkar godt norsk. Ikkje dumt.
Ivrig publikum
– Vi har hatt godt besøk, og mange namn er noterte på blokka for å få tilbod frå sine lokale forhandlararar, som stiller opp når vi kjem på besøk. På plassar der det er vidaregåande skular i nærleiken, har vi gjerne eit lite undervisningsopplegg, så dei kan bli betre kjende med trinnlause transmisjonar, fortel Smedsrud.
Ein månad på vegen
Turneen starta 3. mars i Skien, har tråkla seg gjennom Sørlandet og oppover Vestlandet, og har i skrivande stund snudd nasen sørover att, for å ta for seg Trøndelag og Austlandet. Siste framsyningsdag er 28. mars.
Smil, de skal i lokalavisa!