bombrikke traktor
bombrikke traktor

Traktorar unntatt frå bombrikke

Samferdsledepartementet melder at det frå 1. januar blir innført bombrikke obligatorisk bombrikke for motorvogner over 3500 kg, men traktorar og motorreiskapar vil vere unntatt.

Publisert

Det som er fornuftig på lastebil, blir fort tull på traktor. Heldigvis har departementet lytta til landbruket, og held traktorane unna kravet om obligatorisk bombrikke.

Dette er ei sak transportnæringa har kjempa for lenge, med god grunn. Nesten to tredelar av utanlandske vogntog betaler ikkje for seg i bomstasjonane. Difor sette førre regjering i gang eit arbeid for obligatorisk bombrikke for alle nyttekøyrety over 3500 kg som ferdast på norske vegar.

Gløymde traktor

Intensjonen er god, men det som var gløymt då saka gjekk til høyring, var at også traktorar som regel har over 3500 kg i tillatt totalvekt. Bedre Gardsdrift tok opp dette i eit felles høyringssvar med Norges Bondelag og Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening, og fekk lovnad frå dåverande statssekretær Geir Pollestad at traktor ville bli unntatt frå kravet.

Held lovnaden

Det har tatt meir tid å innføre kravet enn venta, men no er alt i orden. Det gledelege er at den nye regjeringa held det den førre lova. Altså treng ikkje landets drygt 200 000 traktorar med tillatt totalvekt over 3500 kg å kjøpe obligatorisk bombrikke. Forskrifta unntar ikkje traktorar frå plikta til å betale bompengar i dei anlegga som krev det. Om du køyrer traktor langs ein strekning der traktoren skal betale bompengar, kjøper du sjølvsagt brikke.

Nok ein gong: Det nyttar å seie ifrå!

"