
Stø kurs i minus
Massey Ferguson held teten mellom dei tre store, men juli er til no dårlegaste månaden i traktoråret 2014.
Det er ingen endringar som er verd å merke seg i resultatlista slik den der ut etter at juli er omme. Rekkefølgja for juli åleine, i fall det skulle vere av interesse, er nær identisk med den vi har for 2014 så langt. Det betyr at MF stadig held førsteplassen, litt framom den tidlegare grossisten i førsteplassar, John Deere. Deretter kjem New Holland stødig på tredje. Som meldt tidlegare er MF komfortabelt framom status på same tid i fjor, om vi måler tal traktorar. John Deere er kraftig bakom skjemaet frå i fjor, mens New Holland no er merket med størst framgang.

Som vi har sett gjennom året ligg Valtra langt bak 2013, og tilbakegangen er så stor at Valtra ikkje lengre er å rekne med i kampen om pallplass. Derimot må finnen passe seg for ikkje å bli pusta i nakken av framgangsrike CaseIH, som leier an framom ein pågåande Fendt. Også Deutz-Fahr held plussen, mens Claas gjer som Lantmännen-kollega Valtra, og noterer seg for eit høvesvis solid minusresultat, i tal traktorar. Også Lena Maskins to merke går attende, og særleg tydeleg er dette for JCB, som jo har lite å gå på.
Dei svake registreringstala gjer juli til den svakaste månaden så langt i år, ein tvilsam tittel som februar brukar å ha hevd på. Og ikkje nok med det. Juli 2014 er den tredje svakaste juli-månaden siste 10 åra.

