Stabil hengarmarknad
Det vart registrert 28 færre traktorhengarar i 2013 enn i 2012. Orkel er framleis størst framom Weckman, med ein veksande Foss Eik på tredjeplass.
Foss-Eik har framgang i ein totalt sett stabil hengarmarknad.
Kvar fjerde nye traktorhengar i Noreg i 2013 er norskprodusert. Orkel går noko tilbake og taper 0,5 prosentpoeng marknadsandel, mens Foss-Eik kjem bakfrå og går opp 24 tilhengarar og 1,2 prosent marknadsandel siste år. Midt mellom desse ligg finske Weckman, med litt større tilbakegang enn Orkel.
Endringar i vente
I løpet av 2013 kjøpte Felleskjøpet Agri produksjonsrettane til Orkels tilhengarsortiment, og overtok også salet frå A-K maskiner. I ein overgangsperiode har Orkel vore seld både frå A-K og FK, mens Tume har gått motsett veg. Trass kampanjar med både introduksjonsprisar og sluttsal, har altså Orkel tilbakegang. For Tume er det enda verre, for ingen andre merke har tapt meir på den norske marknaden enn finnen som er A-K maskiners nye tilhengarhåp. Difor blir det interessant å sjå kva som skjer inneverande år, når situasjonen får stabilisert seg litt.
Tunge tak nedover lista
Mens dei to øvst på pallen har gjennomsnittleg tillatt totalvekt på 11,5 til 12 tonn, slår Foss-Eik til med 14,7. Også alle dei andre på topp ti har høgare gjennomsnittsvekter enn gull- og sølvplassane. Til dømes har Gigant over 20 tonn. Bortsett frå dei to norske, er tilhengarmarknaden dominert av finske, engelske, polske og irske produsentar, forutan at baltisk-bygde hengarar har kome svært sterkt dei siste åra.
Utfordrarar i kø
Tilhengarmarknaden utmerkar seg med svært mange merke. Siste år er det registrert hengarar av 45 ulike merke, i tillegg til at så mykje som seks prosent av dei nyregistrerte er av ukjent merke. Dette kan enten skuldast at dei er heimebygde eller ombygde konstruksjonar, eller at trafikkstasjonen ikkje har tatt seg bryet med å velje eitt av dei 45 andre namna. Det må også nemnast at dette er den statistikken vi kjenner med flest feilregistreringar, for kvart år er her mange gamle hengarar som vert registrerte som nye. Mens vi på registreringsstatistikken for nytraktorar tar oss tid til å sjekke kvar enkelt modell, er den jobben så vanskeleg på grunn av alle dei ukjente tilhengarane at vi ikkje prioriterer slik listevask her.
Registreringsstatistikk for den norske traktortilhengarmarknaden 2013. Kjelde: Opplysningsrådet for vegtrafikken. Oppsett og bearbeiding: Bedre Gardsdrift.