1404-reg-mrk-graf

Raudt i toppen, raudt på botnlinja

Traktorregistreringane i april er ned med 25 prosent frå april i fjor, og til no i år er nedgangen 14 prosent. Massey Ferguson går fram, og held stadig førsteplassen.

Publisert

Jamnstigning frå femteplassen til toppen. Nedover er det jamnare.

Bortsett frå dei fæle åra 2009/2010, har ikkje starten på året vore så dårleg på den tida Bedre Gardsdrift har ført statistikk kvar månad. Det sa vi førre månad, og vi seier det att etter å ha sett tala for april. Det store spørsmålet no er om vi får eit landbruksoppgjer som får ting til å løsne, eller om bremsa blir trekt til enda hardare.

"

MF held førsteplassen

Det er ganske uvant med eit anna merke enn John Deere først i feltet over lengre tid, men så langt i år har Massey Ferguson ligge framom hjorten kvar einaste månad. Den raude har dessutan hatt klar førsteplass sidan februar, og kan vise til ein solid framgang frå 2013, både i tal registrerte traktorar og i marknadsandel. Slik sett er MF i ein unik situasjon i høve til konkurrentane. Også april vart ein god månad for største merket til Eikmaskin, som også er suverent største importør.

John Deere mykje tilbake

No skulle det ikkje vere nokon grunn til å klage over pallplassering, men John Deere har tapt mykje i marknadsandel og dessutan tapt ein tredel av traktorane: Til no i år har dei registrert 208, mot 336 til same tid i fjor. Den tidlegare suverene marknadsleiaren ligg no midt mellom MF og New Holland, og april vart nok ein månad heilt på det jamne.

Stødig frå CNH

New Holland er akkurat på nivå med fjoråret i tal traktorar, og ligg stødig på tredjeplass. CaseIH ligg like stødig på femte, opp åtte traktorar frå same tid i fjor. Det gir ein grei auke i marknadsandelen i ein fallande marknad, og sikrar A-K andreplass på importørstatistikken.

Finsk fall

Valtra er nøyaktig halvert målt mot fjorårets fire første månader: 121 traktorar til no i år, 243 på same tid i fjor. Tilbakegangen er på nivå med John Deere, så her må både dei tre norske felleskjøpa og det svenske søstersamvirket spørje seg kva som skjer. Mens FK som importør er to tredelar så store som Eik, er Lantmännen litt over halvparten så stor.

Pluss og minus vidare

Fendt og Deutz-Fahr har ok framgang, mens Claas har tilbakegang, også når apriltala er medrekna. Vidare nedover lista er det berre heilt små endringar frå 2013, med eitt unntak: JCB har så langt i år registrert ein einaste traktor, mot sju på same tid i fjor.

Også april 2014 ligg lågt.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS