pløye-nm 2013

Pløye-NM på Voll

10. til 11. oktober blir det pløying på høgt nivå på Jæren. Landets beste utøvarar i pløying stiller til NM. Samstundes blir det både maskinutstilling og demonstrasjonar.

Publisert

Rasmus Mjølhus er eit kjent pløye-namn, og han er av dei involverte når plogspissane går i jorda på Voll andre helga i oktober.

Helga startar pent og roleg med stubb-pløying på fredagen frå klokka 11.00 til 14.40. På laurdag er det lagt opp til meir publikumsretta aktivitetar, i tillegg til att vollpløyinga går føre seg. Arrangementet opnar klokka 10.00 og held på til klokka 16.00, med opa maskinutstilling, salsbod med mat og drikke, og aktivitetar for borna. Sjølve pløyetevlinga startar 11.30 og går fram til klokka 15.10. Som vanleg er det tre konkurranseklassar: Vendeplog Elite, Teigplog og Standard klasse der kven som helst kan stille med valfri plog og prøve seg. Vinnarane av dei to førstnemnde klassane går vidare til verdsmeisterskapen i pløying. Juniorar og seniorar konkurrerer saman, men beste junior i teigplog og vendeplog går vidare til nordisk meisterskap.

Det er organisasjonen Norsk Pløying som står bak arrangementet. I fjor vart NM arrangert på Mære like sør for Steinkjer. Resultatlista derifrå er her.

Vil du sjå bilete frå førre gong Pløye-NM vart arrangert på Jæren, på Klepp i 2008, klikk her.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS