PERKINS_854F-E34TA_LR

Perkins går for SCR

Den Caterpillar-eigde motorprodusenten Perkins går no for SCR eksosrensing i sin nyaste generasjon firesylindra motorar.

Publisert

Mange av maskinprodusentane som tidlegare nytta seg av Perkins-motorar har gått over til andre merke, noko som kan ha ein viss samanheng med kva politikk dei ulike motorleverandørane har satsa på for å rense eksosen. Som andre motorprodusentar med amerikansk eigarskap har Perkins halde på eksosresirkulering, og i det lengste unngått SCR. Europeiske produsentar av landbruksmaskiner har hatt meir tru på SCR, altså tilsetting av ei ureabasert væske etter at forbrenninga er unnagjort. No tar også Perkins i bruk denne teknologien.

Den nye motoren har ei blokk med 3,4 liters volum. Maksimal yting er 121 hk, og dreiemomentet går opp til 490 Nm. Perkins har gått opp frå to til fire ventilar pr. sylinder, og dei lovar ein reduksjon i dieselforbruket på åtte prosent i høve til forgjengaren. Ved overgangen til SCR-rensing klarer Perkins å unngå bruk av partikkelfilter, og varmeutviklinga frå motoren held seg på nivå med forgjengaren. Dieseloksidasjonskatalysatoren (DOC) er konstruert så maskinprodusenten kan plassere denne fritt. Også SCR-modulen har fleksibel monteringsstad.

Powered by Labrador CMS