Orkel traktorhenger
Orkel traktorhenger

Orkel i tet i stabil marknad

Trass skifte av eigar og forhandlar for største hengarmerket i Noreg, er marknaden svært stabil første halvår 2014. Rekkefølgja i teten er som før.

Publisert

Nyregistrerte traktortilhengarar 1. halvår 2014 (mot same periode 2013). Opplysningsrådet for vegtrafikken/Bedre Gardsdrift.

Endringane i nyregistrerte traktorhengarar for første halvår 2014 mot same periode i 2013 er heller moderate for alle dei store merka. Totalmarknaden har ein svak tilbakegang, men ikkje noko dramatikk der heller.

Vi merkar oss at Gigant (N.A. Mørk) og Tume (A-K maskiner) klatrar forbi Junkkari, mens Agromet har største fallet. Det kan sjå ut som at fjorårs-nykomaren NC-Engineering har tatt ein stor bit av Agromet sitt kakestykke.

Felleskjøpet Agri kjøpte Orkels tilhengarproduksjon i fjor, og overtok som forhandlar, var det venta at det kunne bli endringar og omveltingar av noko slag. Det er ikkje støtt slike ting gir forventa utslag, og ein ikkje involvert tredjepart kan like gjerne profittere eller bli råka av endringane. Desse utslaga har late vente på seg, truleg mellom anna fordi mange A-K-avdelingar har hamstra litt Orkel for å mjuke opp overgangen til Tume. Slik sett er det verd å merke seg at den som har største utslaget, av merka knytt til A-K og felleskjøpa, er Metsjø. Tilbake frå 31 til 19 hengarar første halvår er ganske mykje målt i prosent.

Det kan bli større endringar for fleire i årets andre halvår.

"