eurotier delaval iphone celletal

Optimisme på EuroTier

Europas største utstilling med utstyr for husdyrproduksjon opna tysdag, og messehallane i Hannover er fullstappa med nye produkt og interessante løysingar. Bedre Gardsdrift er der.

Publisert

DeLaval har mykje nytt, der celletalsmålaren kan hende er den minste i omfang, men ikkje i betyning.

Til skilnad frå Agritechnica, som føregår seg i dei same lokala, er det langt mellom dei fysisk store nyhenda. Men det som er likt mellom utandørs- og innandørsutstyr, er at elektronikken og datastyringa dominerer.

Utstillarane understrekar at framtida bør sjå lys ut, i alle fall for alle som evnar å sjå lengre fram i tid enn ymse landbrukspolitikarar i ulike land. Landbruket er ei næring for evigheita, og i åra som kjem ser vi at stadig fleire menneske får stadig betre økonomi, kort sagt ein veksande middelklasse med ynskje om matvaner slik vi er vant med i Noreg. Meir kjøt, meir mjølk og mjølkeprodukt, og med det meir å gjere for verdas husdyrprodusentar.

La oss berre gi eit nokre få små smakebitar frå utstillinga, før vi spring vidare i dei mange hallane:

Måler celletal med mobilen

DeLaval har frå tidlegare ein celletalsmålar som enkelte større bønder kringom i verda har hatt ståande i fjøset, for å kunne ta raske celletalsprøver. No er denne modernisert til eit langt meir tilgjengeleg format: Sjølve analysedelen er så liten at du lett bær den med deg i handa, og heile greia er tilkopla ein iPhone 5 eller 5S. Dermed kan du eller rådgivaren din når som helst ta celletalsprøve, og du får svaret i løpet av 45 sekund.

Trioliet-robot på hjul

Robin Hansen i Trioliet gler seg til å få slike foringsrobotar til norske fjøs.

A-K Maskiners leverandør Trioliet har ei automatisert hjulgåande fôrvogn på tre kubikkmeter som dei meiner skal høve godt under norske forhold, takka vere solid konstruksjon og heilautomatisering.

Norsk suksess

TKS er på plass, og humrar for seg sjølv når konkurrentane snakkar om kor mange automatiske fôringsanlegg som er leverte. Norske bønder har kjøpt fleire hundre anlegg med FeedRobot, og også i utlandet har Kuhn sin nye partner alt no eit godt fotfeste med funksjonelle og driftssikre maskiner.

TKS-sjef Tønnes Helge Kverneland og den nederlandske importøren konstaterer at norsk fôringsteknologi er i ferd med å bli oppdaga også av europeiske bønder.

Powered by Labrador CMS