død rose COLOURBOX1812518

Omkom i utforkøyring med traktor

Ein mann omkom då traktoren velta utfor ein anleggsveg mellom Aurland og Hol. Han var ute for å brøyte. Traktoren vart funnen i ein skråning nesten 50 meter frå vegen.  

Publisert

Mannen midt i 50-åra var leigd inn for å køyre brøytetraktoren, ein Massey Ferguson av nyare årmodell, utstyrt med sandstrøar, snøfres og kjettingar på hjula. Traktoren er eigd av eit anleggsfirma. Vegen der ulukka skjedde har snø- og isdekke.

Anleggsvegen skal vere ferdig brøyta i sju-tida, og så det er grunn til å tru at ulukka skjedde før klokka sju i dag tidleg. Det var ingen vitne til hendinga. Ulukka vart oppdaga av andre anleggsarbeidarar kring klokka 08.30.

Dei fann traktoren i botnen av ei bratt skråning, 47 meter frå vegen. Traktoren har truleg hatt fleire rundkast ned skråninga. Mannen vart funnen ved traktoren, opplyser politiet i Sogn og Fjordane til Bedre Gardsdrift. Bilete frå staden viser at sandstrøaren og framakslingen er slått av, og traktoren har fått store skader.

Politiet veit ikkje om mannen nytta setebelte, men ulukka vil bli etterforska og Arbeidstilsynet og Statens Vegvesens ulukkesgruppe er varsla.

Mannen etterlet seg vaksne born.

Powered by Labrador CMS