død rose COLOURBOX1812518

Omkom i traktorvelt ved låven

Ein mann i 70-åra omkom då han kom i klem under traktoren etter ei ulukke i Vanylven på Sunnmøre tysdag. Dette er den sjette dødsulukka med traktor i år.

Publisert

Politiet er enno svært usikre på kva som har skjedd, og skal tilbake for å gjere fleire undersøkingar. Det dei kan seie så langt, er at mannen køyrde ein Massey Ferguson 390, 1989-modell, då noko gale skjedde så han kom i klem under traktoren. Politiet kan ikkje opplyse meir om kva som har skjedd enno. Redningspersonell som kom til staden kunne stadfeste at mannen var omkomen. Dei pårørande er varsla.

Vert etterforska vidare

Politiet kan ikkje seie noko eksakt om når ulukka skjedde, anna enn at den mest truleg skjedde same dag som mannen vart funnen. Politiet vart varsla om ulukka av media. Hendinga er definert som ei arbeidsulukke. Den skjedde på oppsida av fjøsen. Bedre Gardsdrift kjem tilbake med meir så snart politiet har fleire opplysningar dei kan gi.

Seks menn er omkomne, tre over 70, alle utan belte

Dette er den sjette dødsulukka med traktor så langt i år, og alle dei omkomne er menn. Ei av ulukkene skjedde med ein mann i 60-åra som mest truleg har hatt eit illebefinnande. Utanom denne er gjennomsnittsalderen på dei omkomne 66 år. Alle har vore åleineulukker, og ei eller to kan reknast som arbeidsulukker i landbruket. Felles for alle er at om føraren hadde vore i setet, med belte på, ville ikkje utgangen på hendinga blitt så ille.

Powered by Labrador CMS