duun vf240b

Ny stor-fres frå Duun

VF 240 er som namnet indikerer ein V-fres frå Duun med 240 cm breitt skrog. No er fresen i produksjon, i det nye datastyrte robotsveis-anlegget.

Publisert

Duun VF 240

På den nye fresen er viftehuset bygd nærare bakken enn på forgjengarane VF 230 og VF 252. Det skal gi betre snøgjennomgang. Under viftehuset ligg ei stor, utskiftbar sliteplate. Inni viftehuset er typiske slitepunkt punktforsterka med 10 mm Hardox-plate.

Skroget er, som vanleg hos Duun, bygd i høgfast stål. På begge sider kan du montere innsvingbare kantskjær med ein meters høgde. Til høgre side finst også 1,6 meter høgt kantskjær. Fresen er bygd asymmetrisk, med 1,3 meter utstikk frå senterlinja mot høgre og 1,1 meter mot venstre. Utkastarvifta med fire vengar har 80 cm diameter, og fresen har seks innmatarblad. Duun framhevar at tuten deira har kontinuerleg avrunding utan noko form for knekk.

Fresen har plass til 200 mm breitt slitestål etter vegvesen-standard, og det kan monterast slitestål også på kantskjæra.Glideskoa har trinnlaus regulering og er klargjort for montering av hjul. Duun tilrår traktor med minimum 75 hk på tappen til denne bamsen av ein V-fres, som noterer seg 640 kg på vekta.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS